Til hausten skal Gulating lagmannsrett avgjera om dei underjordiske har lov til å underhalda togpassasjerane.

Indre Sogn tingrett dømde i fjor Flåm Utvikling AS, som driv Flåmsbana, til å jaga huldrene bort, og dessutan betala Hybris Film Vertigo 450.000 kroner i vederlag for bruken av konseptet i dei tre siste (ikkje forelda) av åtte år. Togselskapet er usamde i dommen, og har anka til lagmannsretten.

– Denne dommen er ikkje rettskraftig, og vi har bestemt oss for å halda fram med huldreshowet til lagmannsretten har sagt sitt, opplyser direktør Olav Lühr til bt.no.

– Det vert hevda at det til denne sesongen er laga ny framsyning med ny musikk. Er det rett?

– Det vil eg ikkje kommentera. Den som vil vita meir om det, kan ta turen med Flåmsbana. Vi meiner å ha full rett til å bruka konseptet, både i den opphavlege versjonen og eventuelle nye, seier Lühr.

I tingretten fekk Hybris Film Vertigo fullt medhald i at huldreshowet i Kjosfossen er eit åndsverk. Under tvil kom sorenskrivar Harald Hjerman også fram til at selskapet har eineretten. Flåm Utvikling har ikkje betalt for å visa showet i all framtid.

Det siste er togselskapet heilt usamde i. Gulating lagmannsrett har sett av fire dagar frå 4. september til forhandlingar. Dermed vil det ikkje ligga føre nokon rettskraftig dom før årets huldresesong, som byrjar måndag, er omme.

MARITA AAREKOL
JAN M. LILLEBØ