— Fuglen flaug rett inn i ei glasrute og vart liggande livlaus. Vi fekk berga han unna nokre skjorer som gjekk til åtak, fortel hjelpepleiar Tove Underhaug Hårklau til Bergens Tidende.

I pappkassen la pleiepersonalet mjukt underlag til å ligga på, og dugeleg med niste. Men det var visst smått med matlysta.

— Brød og kaker er ikkje akkurat gauken sin favorittmat. Han er meir glad i insekt, seier hobbyornitolog Oddvar Heggøy, som vart overlete ansvaret for gauken utpå ettermiddagen.

Niandeklassingen ved Voss ungdomsskule er levande interessert i fuglar, men dette var hans første møte med ein lys, levande gauk.

— Gauken er veldig sky. Det er neste uråd å koma innpå han. På denne tida av året er det paringstid, og gauken syng ofte, seier Oddvar.

Men frå pappkassa kom det ikkje eit pip, langt mindre eit ko-ko. Til omsorgsbustaden ville han ikkje ha nokon tilkomande make. Det er ikkje så lett, for ein viril gauk, å forklara kvifor han er komen på aldersheim.

Så vart det Oddvar si omsorg som fekk gjennomslag. Etter å ha sjekka krafta i vengene, sleppte han gauken fri, i Gjernesmoen. Han flaug inn mot Bordalsgjelet og sette seg på ei berghylle.

Er han sterk nok til å overleva, vil han etter naturens orden finna seg ein make som legg eit egg i reiret til eit uheldig småfugl-par. Der vil gaukungen skapa uhygge i heimen, terrorisera fosterforeldra og sparka ut fostersyskjena.

På omsorgsheimen høyrde dei aldri gauken gala over seg, men etter såpass nær kontakt med ein gauk, insisterer dei på retten til å ynskja seg tre ting.

For alt vi veit, kan tipshonorar frå Bergens Tidende vera eitt av dei.

FRI: Hobbyornitolog Oddvar Heggøy (15) sette fri hann-gauken som kolliderte med ei vindusrute i Vetleflaten Omsorgssenter på Voss.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH