Vanleg asfalt er uaktuelt. Det har Statens vegvesen bestemt på høgt hald, etter innspel frå lokalt historielag og andre som har engasjert seg. Vegen er eit kulturminne der fast vegdekke er eit framandelement.

Gamlevegen var nygrusa og fin då tunnelarbeidet på E16 tok til 1. september. Men omkøyringstrafikken har sett sine spor. Kvar kveld køyrer 40 kolonnar med opptil 60 bilar på denne vegen, bortimot 2000 bilar i døgeret, i ein periode med tidvis store nedbørsmengder. Bergens Tidende har fått meldingar frå bilistar som har fått skade på bilane sine, rett og slett fordi vegen har svikta under dei.

— Store problem

— Vi har store problem med å halda vegen i stand med den kolossale trafikken, mykje regn og berre grusdekke, seier Kåre Olav Aldal ved distriktsvegkontoret på Voss.

Men no har han fått løyve til å legga ein lettversjon av asfalt og oljegrus på vegen. Arbeidet vert sett i gang så snart det blir fint vêr. Dekket må leggast når det er tørt, og ikkje for kaldt.

— Kva slags dekke er dette?

— Det vert kalla Otta-dekke, eit stabilt grusdekke. Finknust singel, 4-12 millimeter, ikkje stort grovare enn strøsand, vert blanda med oljeproduktet bitumen.

Kampestein

— Blir dette slitt bort slik at vegen etter ei tid blir vanleg grusveg att?

— Når omkøyringsperioden er omme, skal vi sjå kva stand dekket er i. Då vert det avgjort om det som er att, skal bli liggjande, eller høvlast bort. Dette dekket kan lett høvlast, seier Aldal.

Kampesteinen som lenar seg ut over vegen, skapar vanskar for dekkelegginga. Vanleg asfalteringsutstyr kjem dit og ikkje lenger, 800 meter frå Dalegarden. Utstyret kjem heller ikkje over Hellestraumen bru. Dermed må 2,2 kilometer av vegen dekkeleggast med improvisert utstyr, drege av traktorar eller tilsvarande. Vegstellet har dei siste par vekene jakta på brukande utstyr, og Aldal meiner at dei no har funne løysinga. Dermed kan arbeidet ta til så snart vêret tillet det.

ARNE HOFSETH