– Me har fått melding om ei dødsulukke på riksveg 7 ved Halne. To personar sat på motorsykkelen då han køyrde utfor vegbana. Kvinna som omkom var passasjer. Mannen som køyrde er hardt skadd og sendt til Haukeland, seier operasjonsleiar Ragnar Lyssand ved Hordaland politidistrikt.

Politiet vil ikkje gje fleire opplysingar om ulukka då dei no varslar dei pårørande.

Det skal ikkje ha vore andre involverte i ulukka.