– Ei jente omkom i ulykka som skjedde på Ytreeide rett øst for Stryn sentrum, seier operasjonsleiar Kjell Biesman ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Dei tre andre ungdommane er sendt til sjukehus.

– Ingen av dei er livstrugande skadd, men den eine skal vere alvorleg skadd, seier Biesman.

Alle ungdommane er heimehøyrande i Nordfjord.

Alle under 20 år

Det var til saman fire ungdommar i bilen, tre jenter og ein gut. Guten som køyrde bilen er mellom 18-20 år, og dei tre passasjerane er alle under 18 år. Ifølgje NRK er den omkomne jenta berre 15 år gammal.

Ein av ungdommane vart frakta til Førde sentralsjukehus, to andre til sjukehuset i Ålesund. Personen på Førde sentralsjukehus låg søndag kveld på intensivavdelinga med lettare skader, får bt.no opplyst ved AMK Førde.

Guten som blei skada er på Ålesund sjukehus med skadar i hovudet og sårskadar.

– Han er til undersøking, og det er for tidleg å sei noko om omfang av skadane. Situasjonen er uavklart, opplyser AMK Ålesund.

Også ei jente på 16 år er på sjukehuset med sårskadar. Situasjonen er stabil, ifølgje AMK.

Hamna på taket

Politiet fekk melding om ulykka klokka 19.20. Personbilen køyrde utfor vegen, og hamna på taket. Ingen andre bilar var involvert i ulykka.

Ulykkeskommisjonen til statens vegvesen er på veg til Stryn for å bistå politiet i etterforskinga. Årsaka til ulykka er førebels ikkje kjend.

Ukjend årsak

– Det er ei rein utforkøyring der føraren har mista kontroll over bilen. Etterforskinga vil vise meir om årsaka til ulykka, seier Biesman.

Politiet har ikkje opplysningar om at det var dårlege køyreforhold på staden.

Søndag kveld heldt politiet på å varsle dei pårørande.