Lerøy må ha køyrt utfor riksveg 13 mellom Voss og Granvin torsdag seint torsdag ettermiddag, opplyser politiadvokat Harald Bilberg ved Hordaland politidistrikt til bt.no.

40-åringen vart meldt sakna ved 20-tida torsdag kveld, då han ikkje var komen fram til Brakanes Hotell i Ulvik som avtalt. Det vart leita etter bilen langs vegane i løpet av natta, men utan hell.

Bilen var heller ikkje lett å finna, i «holet» mellom bruene på riksvegen og sykkelvegen, rett attmed det gamle kunstverket av ei steinbru i Svelgane. Ei mistyding førte dessutan til at det vart leita mest i Hardanger.

— Vi fekk opplyst av han over mobiltelefon hadde sagt at han var i Ullensvang, men det må ha vore ei mistyding, fortel Bilberg.

Sidan Lerøy i utgangspunktet hadde opplyst at kan skulle køyra frå Bergen til Ulvik over Voss, vart det også leita langs riksveg 13.

Klokka 1015 vart bilen funnen, og Ullensvang lensmannsdistrikt rykte ut med helikopter frå Kinsarvik. Dei fann bilen i elva med døra på førarsida open, men utan spor av føraren, korkje fotspor etter blodspor.

Folk frå Voss lensmannsdistrikt kom til, og mannen vart funnen omkomen i elva om lag 80 meter nedanfor brua klokka 11.25.

I ELVA: Mannen køyrde rett i elva gjennom hullet i autovernet mellom riksvegen og det som no er ein sykkelsti (det gamle jernbanesporet til Granvinsbanen).
FOTO: ARNE HOFSETH