Ingen såg ulukka, og kva som skjedde er difor ikkje kjent.

— Ein person såg mannen då han traff bakken. Men bortsett frå det har vi ingen vitne, fortel sikkerheitssjef Anders Myklebust til Bergens Tidende.

Den skadde blei først send til Sentralsjukehuset si avdeling i Florø, men blei seinare overført til Haukeland. Hovudskadane var så store at livet ikkje sto til å berge.

Skulle hente klammer

30-åringen er frå Flora, og fast tilsett som stillasarbeider ved verftet.

Stillaset han var oppe i, stod parkert ved dokken på Florø-verftet. Stillaset er av ein type som blir brukt langs sidene på større båtar som er under bygging, mellom anna for å komme seg om bord i båtane. Mannen hadde fått i oppdrag å hente røyrklammer frå stillaset som ikkje var i bruk.

— Dette er klammer som blir brukt for å feste stillaset til skipssida. På bakken låg fleire slike, så det er tydelege at han har gjort ein god del av jobben, opplyser Myklebust.

Inge teoriar

Førebels er det ingen handfaste teoriar om kva som har gått gale. Men det var frost i Florø natt til torsdag, og saman med snøfallet i går føremiddag kan det ha gjort stillaset glatt. Ulukka skjedde like før klokka halv tolv, då det er middagspause på verftet.

— Mannen kan difor ha vore på veg ned stillaset for å ta pause då han fall, meiner sikkerheitssjefen.

Det blei slått full alarm, og både politi og ambulansar rykte ut til ulukkesstaden. Førstebetjent Per Rimmen ved politistasjonen i Florø seier dei veit svært lite om årsakssamanhengen.

— Mannen blei funnen nedanfor stillaset. Vi har sperra av området for vidare etterforsking, opplyser Rimmen.

Til Haukeland

Fredag kjem også Arbeidstilsynet til Florø for å granske arbeidsulukka.

Den skadde blei først innlagt på Florø-avdelinga til Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane. Men kort tid etter blei den skadde send i ambulansefly til Haukeland sjukehus i Bergen.