Mannen var aleine i bilen, og på veg til Rosendal på julebesøk hos familien. Ca. klokka 23 kom bilen hans over i motsett køyrebane, og frontkolliderte med eit vogntog lasta med fisk. Ulykka skjedde på E134 ved Botn Skysstasjon på Haukelifjell.

Uvêr

— Vêret i området var forferdeleg. Ti kuldegrader og snøstorm, fortel operasjonsleiar i Telemark politidistrikt, Jørn Nilsen, til BT.

— Det var ein solid smell, men førebels veit vi ikkje årsaka til ulykka.

På grunn av uvêret tok det fleire timar før redningsmannskapa kom fram til ulykkesstaden. Ambulansehelikopteret måtte lande på Kviteseid i Telemark, og legen fraktast vidare i bil, ein køyretur som under gode forhold tek halvannan time

Imens kjempa bergingsmannskapa for å halde varmen i mannen, som sat fastklemt og alvorleg skadd i personbilen. Løysinga var at Sivilforsvaret og det lokale hjelpekorpset bygde telt rundt bilvraket.

Store hovudskader

Føraren måtte skjærast laus frå bilen, og hadde store hovudskader. 34-åringen vart først frakta til Sykehuset Telemark HF i Skien, så til Ullevål universitetssykehus i Oslo, der han døydde av skadane onsdag.

Den omkomne er født i Bergen, og melde flytting til Oslo i 1995, ifølgje Folkeregisteret

Heller ikkje vogntoget var køyrbart etter ulykka, og føraren, som er heimehøyrande i Telemark, klaga over smerter i skuldra. Også han var aleine i køyretyet.