Styreleiar Oddvard Nilsen, Helse Vest

TERJE ULVEDALØYSTEIN TORHEIM (foto)

Framtida for ortopediklinikken blir no sett på saklista til styremøtet 6. september.

Så seint som i midten av juli forsvarte leiinga i Helse Vest kuttvedtaket som er gjort av Helse Førde, sjukehusføretaket i Sogn og Fjordane. Kommunikasjonsdirektør Bjørg Sandal, som då fungerte som administrerande direktør i Helse Vest, avviste å ta opp saka i eit brev til Helsedepartementet. Også styreleiar Oddvard Nilsen sa i sommar at han ikkje såg dette som ei sak for styret i regionføretaket.

Færre på venteliste

— Når saka no likevel kjem opp, skjer det etter samråd med departementet, seier Nilsen til Bergens Tidende.

— Har departementet gitt Helse Vest beskjed om å ta opp saka?

— Det har vore veldig mykje støy om nedleggingsvedtaket. Slik situasjonen blei, var det naturleg for oss å drøfte saka med departementet. Vi har i fellesskap komme fram til at vedtaket i Helse Førde har prinsipielle og strukturelle sider som Helse Vest bør uttale seg om.

Ortopediklinikk Lærdal blei oppretta for to år sidan med støtte frå Helse Vest. Målet var å redusere dei lange ventelistene på ortopediske operasjonar, noko som også har lukkast. Flesteparten av pasientane har komme frå Sogn og Fjordane og Hordaland.

Klinikken set inn protesar ved hjelp av datanavigasjon. Det gjev betre presisjon og tilpassing av protesen. I etterkant får pasientane tilbod om intensiv opptrening og rehabilitering. I sum har behandlinga gjort at pasientane kjem raskt tilbake til ein normal livssituasjon.

Sterke reaksjonar

Det var på siste møte før sommarferien at styret i Helse Førde vedtok å kutte i ortopeditilbodet i Lærdal. Det vart gjort som ein del av innsparingane for å få drifta i balanse.

Avgjerda førte til sterke reaksjonar i Indre Sogn. Ein fryktar at drifta av heile lokalsjukehuset kjem i faresonen om ein så vesentleg del av verksemda blir tatt bort. Mange pasientar som er behandla ved sjukehuset i Lærdal, har gått ut med støtte til klinikken.

Etter at ein delegasjon politikarar frå Indre Sogn møtte leiinga i Helse- og omsorgsdepartementet, bad departementet Helse Vest vurdere om ikkje dette også var ei sak for dei. Etter først å ha avvist dette, kjem no saka likevel fram for styret.

Etter det Bergens Tidende kjenner til, har leiinga i departementet sagt frå om at Lærdal-ortopedien skal fram for styret i Helse Vest. Det lukkast ikkje Bergens Tidende å få kommentarar frå den politiske leiinga i departementet i går.

- Heilt greitt

Ved regionføretaket sitt hovudkontor i Stavanger blir den departementale avgjerda sett på som ei overprøving, og har vekt sterke reaksjonar.

— Leiinga i Helse Vest burde skjønt dette alt då departementet vende seg til dei første gongen. Det var eit relativt klart signal som kom då, kommenterer ordførar Knut O. Aarethun i Lærdal.

— Har klinikken no fått ein ny sjanse?

— Det torer eg ikkje håpe på. Men eg ventar at Helse Vest-styret no går inn i realitetane, i staden for blindt å forsvare eit vedtak gjort i føretaksstyret i Sogn og Fjordane.

Leiaren i styret for Helse Førde, Clara Øberg, seier til Bergens Tidende at ho syns det er heilt greitt at ortopedikutta blir sak for Helse Vest.

— Eg er ikkje forbausa over at det endar slik. Klinikken blei oppretta i samarbeid med Helse Vest. Difor syns eg det er naturleg at dei får saka på bordet.

Styreleiar Oddvard Nilsen vil ikkje ha noko meining om kva som kan komme ut av styremøtet 6. september.

— Administrasjonen arbeider no med denne saka. Eg reknar med at dei vil få innspel frå miljøet i Lærdal, seier Nilsen.

DATANAVIGASJON: Ein ny pasient skal få ny kneprotese ved sjukehuset i Lærdal. Klinikken set inn protesar ved hjelp av datanavigasjon. Det gjev betre presisjon og tilpassing av protesen enn ved andre kneoperasjonar.