Alt håp ute. Dette må Garolin Vinotha Nesaraja ha tenkt denne vinterdagen i Førde. Ingen kan sjå det på henne. Blikket er fast, avklart.

Den tamilske 24-åringen smiler til personalet bak skranken i Sparebanken Sogn og Fjordane. Barnevogna er parkert utanfor. Rojgar, 20 månader gammal, søv.

Klokka på overvakingskameraet viser 14.18. Det er måndag 16. januar, 2012. Garolin er i banken for å overføre 3000 kroner til gravferda til veslesøstera Meera (18) på Sri Lanka. Ho lånte pengane av venninna Jeya i Bergen for berre nokre timar sidan. På telefonen spurde Jeya korleis det gjekk.

— Bra, svarte Garolin.

Det er ikkje sant. To sjokkmeldingar kom tett i tett før jul. Først Meeras dødfall, så det endelege avslaget på asylsøknaden. Etter over fem år i Noreg må Garolin ut. Utlendingsnemnda (UNE) har konkludert med at ho og barnet trygt kan dra tilbake til Sri Lanka.

Garolin trillar vogna heim til mottakssenteret på Bergum. Ho låser døra til rommet, heller brannfarleg væske over seg sjølv, sonen og sengetøyet, og tenner på.

FØRT TIL GRAVA: 27. januar i fjor vart Garolin Vinotha Nesaraja ført til si siste kvile frå Førde kyrkje. Mor og son er gravlagde side om side på Blomereina gravplass.
Oddleiv Apneseth

Brannen blir meldt 15.38. Garolin og Rojgar blir frakta til Haukeland Universitetssjukehus med store brannskadar. Begge døyr kort tid etterpå.

Tusen spørsmål . Seks år etter at Garolin tok til på den lange reisa til Noreg, og tre år etter at den brutale borgarkrigen på Sri Lanka tok slutt, har BT reist motsett veg for å leite etter svar. Kva driv ei mor til ei så ufatteleg handling? Kunne ho ha skapt ei framtid for seg og barnet i landet ho flykta frå? Snakka ho sant om livet sitt i heimlandet? BT har bede dei som kjende Garolin om å fortelje hennar historie.

— I ettertid er det tusen spørsmål eg skulle ha stilt Garolin. Men det nyttar ikkje å tenkje på det no, seier advokat Kristine Aarre Hånes (bildet).

FU3D3938 copy copy.jpg

Hånes som representerte Garolin i fire år, er med på den 9000 kilometer lange reisa til Jaffna-halvøya. Hånes tvilte aldri på Garolins historie.

— Eg opplevde henne som oppriktig og svært truverdig. For meg er det utenkjeleg at ho skulle lyge, seier den erfarne asyladvokaten.

- Kva slags type var ho?

— Eg opplevde henne som ei positiv, takksam og beskjeden jente. Ho var dessutan veldig flink, og lærte seg perfekt norsk på rekordtid.

Barn av krigen. Kråkene skrik utanfor det vesle huset i landsbyen Aanaikkoaddai, nokre kilometer utanfor Jaffna. Fiskegarn og reketeiner heng til tørk på husveggen, ein moped står parkert ved utgangsdøra. I dette huset vaks ein syskenflokk på fem opp, alle fødde inn i krigen. Det første barnet kom ein aprildag i 1987. Eldstejenta fekk namnet Vinotha. 19 år seinare tok ho eit namn til, Garolin.

Eg får lyst til å gråte, når eg tenkjer på Garolin

Morfaren

I den mørke, fuktige stova har veggene slått store sprekker. Den blå tapetet er i ferd med å miste grepet. I ein stol sit rekefiskaren Theysingurasa Nesaraja. I fanget på den rutete sarongen ligg ein bunke fotografi frå Noreg. Bilete av blå fjordar og høge fjell; det ukjende landskapet han sende dottera ut i.

Ho smiler mot han. Frå fisketuren ved Førdefjorden, i snøen, på brua ved Handelshuset i Førde. Stolt viser ho fram vesle Rojgar. Bestefaren gnir tårene vekk. Han fekk aldri møte barnebarnet.

— Eg forstår ikkje korleis dette kunne skje, seier Theysingurasa Nesaraja hjelpelaust.

— Vinotha fortalde at Noreg var eit godt land, der ein kunne leve fritt. Det einaste problemet var dette med opphaldsløyvet.

16 år og soldat. Plassen framom den store, gule skulebygningen vrimlar av barn i uniformer. I ti år gjekk Garolin på den hinduistiske barne- og ungdomsskulen Suthumalai Sinhiya. Alltid kledd i lilla skjørt, kvit skjorte og kvite strømper.

Engelsklæraren Sathiya Muthuvinayagam blar i gamle skulealbum på rektors kontor og finn fleire fotografi av sin gamle elev. På eit av dei får ei lita Garolin med musefletter overrekt eit idrettsdiplom. Læraren hugsar henne godt.

— Garolin var flink i alle fag, og beskjeden som person. Men det siste året var ho så stille. Det kom liksom noko trist over henne, seier Sathiya.

garolin13xfx_2.jpg
PRIVAT
GJENSYNSGLEDE: Prasath Nesaraja (21) og kona Darani oppdagar Garolin på eit foto i eit gamalt skulealbum. På biletet får ei ung Garolin overrekt eit idrettsdiplom.
TOR HØVIK

Snill og smart, påliteleg og omsorgsfull. Slik blir Garolin omtalt av familie, vener og andre som kjende henne. Ingen av desse kan forklare kvifor den same jenta i ein alder av 16 år tok eit val ho skulle angre på resten av livet. Ho let seg verve av den militante separatistorganisasjonen Tamiltigrane, eller Liberation Tigers of Tamil Eelam (LTTE).

Profesjonell hær. I 1983, fire år før Garolin vart fødd, gjekk Tigrane til åtak på den singalesiske regjeringshæren. Det vart starten på den blodige krigen som skulle vare i nær 30 år. Utløysande årsak var at den tamilske minoriteten i mange tiår var blitt marginalisert og undertrykt av singalesiske styresmakter. Tigrane kjempa for ein sjølvstendig, tamilsk stat.

— Tigrane var ein profesjonell hær med ekstremt målretta krigshandlingar og streng disiplin. Dei var velorganiserte, godt utrusta og omsynslause, og utførte mange omfattande og effektive bombeaksjonar, seier Kristian Stokke, Sri Lanka-ekspert og professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo.

Jaffna-halvøya var kjerneområdet til Tigrane. Garolin møtte ein av dei då ho tok engelskundervisning, såkalla O-levels, etter 10. klasse. Det var denne mannen som rekrutterte henne.

Familien fekk sjokk. Ingen andre i slekta var med i Tigrane. Mor tok det tyngst.

— Ho vart sterkt deprimert, fortel Theysingurasa Nesaraja.

Han er overbevist om at dottera vart lurt inn i Tigrane.

Heim på perm. Men for Garolin var det ingen veg tilbake. Den siste augustdagen i 2003 vart ho innrullert i leiren Coco Ville Camp i Jaffna, ei politisk avdeling av Tigrane. Det var våpenkvile på andre året.

— Eg ville delta i fredsskapande arbeid, forklarte Garolin til UNE fire år seinare.

Det første halvåret fekk ho militær trening i leiren. Deretter vart ho flytta til eit LTTE-kontrollert område, der ho var leiar og trenar for ei ungdomsgruppe. Familien såg ikkje eldstejenta på eit år.

I september 2004 døydde mor av hjernekreft. Då fekk Garolin permisjon for første gong. Ho kom heim i uniform, og med kortklipt hår. To soldatar følgde henne. Familien utsette gravferda. Dei ville at Garolin skulle kome aleine.

Ho sa svært lite om livet i leiren, men ein ting fortalde ho heime: Ho hadde prøvd å rømme. Forsøket var mislykka, og ho var blitt straffa. Garolin ville ikkje ut med korleis, men far var redd for å sende henne tilbake.

På dette tidspunktet hadde begge partar i krigen erkjent at særleg barn i nord og aust var hardt ramma av konflikten. Overfor UNICEF forplikta Tigrane seg til å ikkje rekruttere fleire barn under 18 år, og til å sende mindreårige soldatar heim.

Eit skred av foreldre kom til UNICEF. Ein av dei var Theysingurasa Nesaraja. BT har møtt ein representant ved lokalkontoret i Jaffna som hugsar han og dottera godt. Ein UNICEF-medarbeidar kom heim til familien og informerte dei om risikoen ved å sende Garolin tilbake til leiren.

I eit brev datert 8. september, 2004, stadfestar UNICEF at Garolin var rapportert til FNs barnefond, og ikkje lenger ønskte å vere med i Tigrane. I brevet appellerte UNICEF til Tigrane om å ikkje prøve å rekruttere henne på nytt.

FISKERI: Ein av desse båtane tilhøyrer Garolins far, som er rekefiskar. I den same hamna kjøper broren Prasath kvar morgon 15–20 kilo fisk, som han sel på fisketorget i landsbyen.
TOR HØVIK

— Liten verdi. Utlendingsnemnda (UNE) skulle seinare sjå bort frå opplysningane i dette brevet. I vedtaket skriv UNE at srilankesiske dokument er vanskelege å etterprøve, og kan derfor ikkje leggjast til grunn utan annan informasjon som sannsynleggjer at innhaldet er korrekt.

Nemndleiar i UNE, Dagfrid Hanem, meiner at det går fram av brevet at UNICEF ikkje hadde sjekka opplysningane, men bygde på det foreldra fortalde. For UNE hadde brevet derfor liten verdi.

— UNE måtte uansett gjere ei sjølvstendig vurdering av om dokumentet var truverdig, opplyser Hanem.

Men advokat Hånes meiner at det er ein faktisk feil at brevet berre byggjer på det faren fortalde.

— Det står ingenting i brevet om at desse opplysningane kjem frå foreldra. Med ei slik tolking burde UNE absolutt ha sjekka den reelle situasjonen med UNICEF, seier ho.

For Garolins familie var brevet uansett den einaste skriftlege dokumentasjonen dei hadde på at jenta hadde vore Tiger.

— Eg er verkeleg lei meg for at norske styresmakter ikkje trudde på det som stod brevet, seier Theysingurasa Nesaraja med gråten i halsen.

Frosken i brønnen. Også i krigstid var brevet lite verdt. Dei neste 17 månadene var Garolin knapt utanfor huset. Ho fekk ikkje lov, far nekta henne. Han var redd for at det korte håret skulle avsløre henne. Både regjeringssoldatar og tamiltigrar, seier faren, var på jakt etter desertørar som henne.

— Mange desertørar kom i dobbel klem på denne måten, fortel professor Kristian Stokke.

I asylintervjuet fortalde Garolin at ho alltid var redd på denne tida. Ho fekk ikkje sove, klarte ikkje å ete.

— Eg følte meg som ein frosk innesperra i ein brønn, sa Garolin.

Ei natt forsvann ein nabo, også han eit tidlegare LTTE-medlem. Han kom aldri tilbake. Far tok ei stor avgjerd. Han ville sende dottera langt vekk. Ut av Sri Lanka, til Noreg og byen Bergen, der familien Nesaraja hadde fjerne slektningar.

— Det var blitt for vanskeleg for henne å leve her, seier faren

Men den fattige rekefiskaren hadde ikkje råd til å betale for Garolins flukt. Derfor gjorde han ein avtale med den tamilske familien i Bergen. Dei skulle låne han pengar til noregsreisa. Når Garolin var framme i Bergen, skulle ho arbeide for dei og betale ned lånet.

Frå Norge kom eit siste ønske før avreisa. Slektningane bad hinduen om å konvertere til kristendommen.

DØYPT: Her, i Full Gospel Church, konverterte hinduen Vinotha Nesaraja til kristendomen. Pastor S.M. Stephen, her saman med kona, døypte henne. Ved dåpen tok ho det kristne namnet Garolin, som er ei tamilsk form for Karoline.
TOR HØVIK

Ba for Garolin. Frua til pastoren opnar porten under skiltet «Prayer Center Full Gospel Church». Hit sykla Vinotha Nesaraja den 30. desember, 2005. Ein av brørne følgde henne.

I det blå kyrkjerommet med tak av bølgjeblekk vart 18-åringen døypt og tok det kristne namnet Garolin. Pastor S.M. Stephen, ein venleg, berrbeint mann i kvit skjorte og svart bukse, hugsar henne godt. Det var han som døypte henne.

— Vi hadde eit håp om at det nye namnet skulle bli til velsigning for henne, seier pastoren.

Garolin valde Full Gospel Church, seier pastoren, fordi ein av dei norske slektningane i si tid gjekk i denne kyrkja.

— Garolin kom hit fleire gonger. Vi bad om at ho måtte få reise til Noreg og leve eit godt liv der.

Garolin fekk ikkje berre sitt livs sjanse til ein ny start bortanfor krig og frykt, men også ein billett ut av den grå, møkkete fattigdomen. I det nye landet kunne ho tene pengar og sende heim til dei som var igjen.

Prasath Nesaraja (21) er Garolins fire år yngre bror. Han og kona Darani bur i eit lite skur med jordgolv ein snau kilometer frå barndomsheimen. Det einaste møbelet er ei rusten seng. Kvar morgon syklar Prasath ned til hamna for å kjøpe fisk, som han sel vidare på det vesle fisketorget i Aanaikkoaddai. I beste fall tener han 750 kroner i månaden, så vidt nok til å setje mat på bordet. I mai blir Darani og Prasath foreldre for første gong.

YNGSTEMANN: Rajeeth var berre 11 år, då storesøstera Garolin flykta til Norge. No går han i mekanikarlære hos onkelen. Spesialiteten er påhengsmotorar.
TOR HØVIK

Han gløymer aldri den dagen Akka, som han kalla storesøstera, skulle reise. Det var den 15. februar, 2006. Det var sorg og glede på same tid. Alle grein, Garolin også.

— Akka syntest det var trist å ta avskjed, men samtidig var ho lykkeleg. Ho skulle få reise, seier broren.

Forkledd som mann. Same natt skrangla ein kassebil seg gjennom den dampande tropenatta. I passasjersetet sat Garolin, forkledd som mann. Bilen humpa sørover, ut av Jaffna, mot Colombo. I nattemørkret kunne ho så vidt skimte det flate, krigsherja landskapet langs A9.

Ho hadde aldri vore så langt heimefrå før, og enno var reisa berre så vidt begynt.

Pappa hadde ordna skyss med ein kjølebil for fisk, og var med på første etappe. Langs vegen var det fullt av militære kontrollpostar og sperringar. Kanskje Garolin heldt pusten kvar gong bilen vart stoppa. Då let far og dotter som om dei jobba på fiskebilen. Han fortalde dei væpna soldatane at ho var sonen hans.

Ingen la merke til den vesle kofferten bak i bilen.

Far og dotter steig av like ved den katolske kyrkja St. Anthony's i Kochchikade, den tamilske bydelen i Colombo. I eit av dei smale smaua med falleferdige bygningar hadde han skaffa losji hos kjende. Men Garolin følte seg verken trygg eller velkomen. Vertskapet var redde for trøbbel. Å ha tidlegare LTTE-medlemmer i huset, var farleg.

Igjen må Garolin ha følt seg som frosken i brønnen. I løpet av dei fire månadene menneskesmuglarane brukte på å ordne pass, billettar og anna praktisk til noregsreisa, torde ho knapt å forlate rommet.

Men nokre gonger gjekk far og dotter til St. Anthony's for å tenne lys og be om at ho snart måtte få reise. Garolin fylte 19 år denne våren.

Ve te Bergen. Den 23. juni, 2006, tok pappa farvel på flyplassen utanfor Colombo. I veska hadde Garolin eit pass og ein papirlapp med to telefonnummer i Bergen. Ho tok først fly til Singapore, deretter tog og bil til ukjent adresse i Malaysia. Der vart Garolin plassert i ei leilegheit i to veker med streng beskjed om å ikkje forlate rommet.

Resten av reiseruta er ukjent. Men 24. juli, 2006, melder ei ung jente seg for Politiets Utlendingsenhet i Oslo. Ho har på seg svart olabukse og tynn bluse. Bukselommene er tomme, alle merkelappar klipte vekk. I kofferten ligg nokre få toalettsaker og klesplagg. Ho har ikkje lenger passet sitt, og ingen andre ID-dokument, men snakkar litt engelsk.

Ho seier namnet sitt, Garolin Vinotha Nesaraja, og ber om asyl i Norge.

ENGELSKLÆRAREN: På denne skulen gjekk Garolin i ti år. Av Sathiya Muthuvinayagam lærte ho å skrive og snakke engelsk.
TOR HØVIK

Alle mot alle. 19-åringen frå Jaffna-halvøya var ein av 106 srilankesarar som søkte om asyl i Norge det året, viser tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI). Dei fleste var tamilar.

Garolin hadde levd heile livet med krig. I asylintervjuet fortalde ho om korleis det er å leve i konstant frykt. Om redselen for å gå ut, for å bli valdteken av soldatar, for å bli drepen.

— I landet mitt er det krig. Ingen kan føle seg trygge. Det er tamilar mot tamilar, singalesarar mot tamilar. Men eit menneske har rett til å vere fri og leve i fred. Utan er det betre å døy, sa Garolin.

På alle spørsmål om ho hadde vore med i krigs- eller kamphandlingar, politiske organisasjonar eller andre grupper, svarte ho nei. Kvifor fortalde ikkje Garolin om tida hos Tigrane? Svaret frå advokat Kristine Aarre Hånes er at ho ikkje torde.

— På Sri Lanka var det svært farleg å snakke om at ein hadde vore medlem av Tigrane. Derfor var ho redd for å fortelje om denne delen av livet sitt i Noreg. Ho visste ikkje om ho kunne stole på norske styresmakter. Ho hadde dessutan fått råd om å la vere å snakke om det.

Garolin vart transportert til Bergum mottakssenter i Førde. Straks ho fekk arbeidsløyve, vart ho henta av slektningane i Bergen.

Det første avslaget. I desember 2006 anbefalte FNs Høgkommisariat for flyktningar å ikkje returnere tamilar frå nord eller aust. UDI meinte at dette ikkje var til hinder for å returnere Garolin og mange andre til Colombo i sør. Det var ikkje sannsynleggjort at Garolin risikerte å bli forfølgd i heimlandet, meinte UDI i avslaget frå september 2007. Professor Kristian Stokke er ikkje einig.

— Det er svært sannsynleg at ho ville blitt kalla inn til strenge avhøyr ved retur til Colombo. Det er usikkert kva som ville skjedd etterpå, men med den historia ho hadde, let eg meg lett overtyde om at ho hadde eit reelt beskyttelsesbehov, seier Stokke.

Garolin hadde krav på advokat i klageprosessen. Tilfeldigvis vart det Kristine Aarre Hånes. Den unge kvinna som møtte opp på advokatkontoret i Bergen sentrum, var stille og beskjeden. For første gong fortalde Garolin at ho hadde vore barnesoldat.

Advokaten påklaga UDI-vedtaket. Ho la fram brevet frå UNICEF og opplyste at klienten var redd for å bli forfølgd og mishandla i heimlandet, fordi ho hadde vore med i Tigrane. Advokaten meinte det var uforsvarleg å sende Garolin til Colombo.

UDI vurderte den nye informasjonen, men meinte at Garolin ikkje hadde opparbeidd seg ein posisjon i løpet av året i Tigrane, som gjorde henne spesielt utsett. Vedtaket stod ved lag. Garolins skjebne vart oversendt til Utlendingsnemnda.

Sikta for menneskehandel. I Bergen hadde Garolin vaskejobb på SAS-hotellet på Bryggen. Der møtte ho tamilske Jeya Gunaratnam frå same kant av Jaffna.

— Er du Nesarajas dotter, spurde kollegaen.

Det vart starten på eit nært venskap, sjølv om Garolin fortalde svært lite om seg sjølv. Jeya forstod etter kvart at noko var gale. Venninna hadde ikkje mobil, ikkje bankkort, kunne aldri kome på besøk.

Ein dag kom ho forgrått på jobb. Jeya spurte kva som hadde skjedd, og Garolin opna seg for første gong. Då hadde venninnene kjent kvarandre i to år.

Garolin sa at ekteparet ho budde hos, utnytta henne. Ho sa at alt ho tente, gjekk inn på kontoen til familien, som kontrollerte henne i eit og alt.

Jeya overtalde henne til å hente sakene sine og flytte heim til henne på Laksevåg. Ho sende også e-post til advokaten til venninna. Det enda med Garolin melde slektningane til politiet.

Sommaren 2009 vart det tamilske ekteparet pågripne og sikta for menneskehandel, og varetektsfengsla i fire veker. Politiet meinte at dei hadde utnytta og kontrollert Garolin i to år.

Det tamilske miljøet i Bergen tok det ille opp at ho hadde meldt to av sine eigne til norsk politi. Garolin følte seg som ein utstøytt, og bestemte seg for å flytte tilbake til asylmottaket i Førde.

Slutt på krigen. Eit par månader tidlegare hadde regjeringshæren knust Tigrane. Den siste fasen av krigen var brutal. I nord gjekk 40.000 sivile liv tapt berre i løpet av dei siste månadene.

— Begge partar såg på den siste delen av krigen som vinn eller forsvinn. Det vart rått parti. Regjeringshæren var blitt langt betre utrusta og trent, og viste vilje til å køyre på med alle midlar. Det siste halvåret vart ein total krig mot Tigrane og den tamilske befolkninga i krigsområda, seier professor Kristian Stokke.

Sommaren 2010 la UNE om praksisen. Vurderinga var at sikkerheitssituasjonen på Sri Lanka ikkje lenger var til hinder for å returnere tamilar dit dei kom frå.

Over tusen personar frå Sri Lanka søkje om asyl i Noreg i perioden 2006–2011, viser tal frå UDI. Tre av fire fekk avslag.

— Eg er ikkje overraska. Mitt inntrykk i den perioden var at det var vanskeleg for tamilar å få asyl. Eg var sjølv vitne i eit par rettssaker, og vart overraska over at tidlegare soldatar, som hadde hatt sentrale posisjonar i Tigrane før dei deserterte, ikkje fekk asyl. I ein periode hadde eg stadig ei kjensle av at det var viktig å returnere tamilske asylsøkjarar generelt, og at dei vart behandla som gruppe, seier Stokke.

DØD AV KREFT: Garolins mor vart svært deprimert, då dottera gjekk inn i Tigrane i 2003. Ho døydde av kreft hausten etter.
Tor Høvik

Aleinemor. Tilbake i Sunnfjord møtte Garolin mannen i sitt liv: Ein kurdisk asylsøkjar frå Irak. Paret flytta saman på eit rom på mottaket, og i april 2010 vart ein mørkhåra gut fødd på Sentralsjukehuset i Førde. Ei stolt mor sende foto av den vesle familien sin til Sri Lanka.

Men forholdet tok slutt. Garolin var blitt aleinemor, men det kunne ho ikkje skrive heim om. Å få barn utanfor ekteskap er uakseptabelt i det tamilske samfunnet, blir BT forklart ved kontoret til hjelpeorganisasjonen Women in Need i Jaffna. Risikoen for å bli utstøytt er høg, og då kan kvinnene bli ute av stand til å brødfø seg sjølve og barna.

Abort er ulovleg på Sri Lanka. Ofte finst det ingen andre alternativ enn å gi bort babyen til ein nabo, ein barneheim eller leggje barnet frå seg i vegkanten og håpe at eit godt menneske finn det. Sjølvmord er ikkje uvanleg i denne gruppa.

— Det tamilske samfunnet er konservativt og hierarkisk. Kvinner er underordna, og særleg enkjer og einslege mødrer er utsette. Som tidlegare soldat, ung kvinne og einsleg mor ville Garolin vore i ein svært vanskeleg situasjon, både økonomisk, politisk og sosialt, seier Stokke.

Død og avslag. Våren 2011 vart menneskehandelsaka lagt bort på grunn av manglande bevis. For Garolin var det ein tøff beskjed å få. Ho hadde betalt ein høg pris for å gå til politiet.

Men ho var iallfall ikkje aleine. Ho hadde Rojgar, som ho forguda. Ho la ut mange foto av mammadalten på Facebook, slik at fleire kunne få beundre han. Etter kvart lærte han å uttale norske ord som "mamma" og "tante".

Ein tidleg desemberdag i 2011 kom beskjeden om dødsfallet til veslesøstera Meera. Ho var funnen død i heimen sin i Jaffna. Ektemannen skal ha tilstått drapet, men trekte seinare forklaringa tilbake. Dødsfallet vart etter kvart lagt vekk som sjølvmord.

Garolin var knust. Ho og Meera var svært nære.

Ei knapp veke seinare kom endå eit tilbakeslag. Fem og eit halvt år etter at Garolin hadde søkt om opphald i Norge, fekk ho endeleg avslag. Ho fylte verken vilkår for asyl eller opphald på humanitært grunnlag, var konklusjonen til Utlendingsnemnda (UNE).

UNE hadde ikkje tillit til at opplysningane i UNICEF-brevet var korrekte. At Garolin fortalde om fortida i Tigrane først etter at avslaget frå UDI kom, var "i vesentlig grad med på å svekkje opplysningenes troverdighet".

UNE var innforstått med at barnefødslar utanfor ekteskap er forbunde med skam i ein "sørasiatisk kontekst", men la til grunn at barnefaren frå Irak kunne bli med til Sri Lanka, slik at dei reiste som ein familie.

AVSLAG: Utlendingsnemnda meinte at klagesaka til Garolin Vinotha Nesaraja ikkje inneheldt vesentlege tvilsspørsmål. Derfor vart asylsaka behandla av ein nemndleiar, ikkje eit nemndmøte, og ho fekk ikkje møte opp personleg for å leggje fram si sak. I januar i fjor sette Garolin fyr på seg sjølv og sonen på eit mottak i Førde. Begge omkom. FOTO: PRIVAT
PRIVAT

Og sjølv om UNE la til grunn at Garolin var eit tidlegare offer for menneskehandel, var den endelege konklusjonen at verken ho eller barnet hadde grunn til å frykte forfølging på Sri Lanka.

Garolin og Rojgar måtte ut av landet i januar.

Den siste trilleturen. Advokat Kristine Aarre Hånes prøvde å tenne håp hos Garolin. Ho sende ei oppmoding om at vedtaket vart omgjort og la fram nye opplysningar, både om det uventa dødsfallet i Jaffna og om at forholdet til barnefaren var over.

Som tamilsk kvinne og einsleg mor med fortid som barnesoldat ville ikkje Garolin vere i stand til å forsørgje eller beskytte seg sjølv og barnet, skreiv advokaten. Ho viste dessutan til at Noreg er forplikta til å beskytte ofre for menneskehandel, og ho varsla søksmål mot UNE.

Garolin må likevel ha følt seg sjanselaus og framtidslaus. Den 16. januar i 2012 trillar ho barnevogna frå asylmottaket på Bergum til banken i Langebruvegen. Ho overfører pengar til Meeras gravferd og ringjer sin eldste bror, Bharat, i Jaffna. Så trlllar ho vogna heim igjen.

Den siste som snakkar med Garolin er ei kvinne frå Usbekistan. Ho oppførte seg som vanleg, forklarte kvinna til politiet etterpå. Garolin tek barnet med seg inn på rommet, låser døra og tenner på.

Folk i nabobygningen oppdagar røyken først. Politi og brannmannskap er kjapt på plass. Garolin og Rojgar blir frakta til Haukeland Universitetssjukehus med store brannskadar. Begge døyr kort tid etter.

Trippel sorg. Tante Renuka stod og laga lunsj til gjestene i Meeras minnestund, då telefonen om to nye dødsfall i familien kom.

— Eg kunne ikkje tru det. Eg ante ikkje kva eg skulle gjere, seier Renuka og gret stille.

Tante bur på landsbygda, 50 humpete kilometer sørvest for Jaffna, og har tatt til seg Rajeeth, Garolins yngste bror. Han var berre 11 år, då ho reiste. I dag er han 17, og går i mekanikarlære hos onkelen sin.

Hadde UNE tatt seg bryet med å sjekke med UNICEF, kunne utfallet blitt eit anna.

Heimen til Renuka og familien vart smadra av bomber under krigen. Dei prøver å skape seg ei framtid på ruinane, men det vil ta år før dei får råd til å gjere det nye huset ferdig. Inntil vidare søv alle på jordgolv i uthuset.

Morfar Mahalingham (75) bur også hos Renuka. Han har mista mange. Kona i bomberegnet, dottera i kreft. No er også barnebarna Meera og Garolin borte, og eit oldebarn han aldri møtte.

— Eg får lyst til å gråte, når eg tenkjer på Garolin. Ho vart lurt inn i Tigrane. Vi håpa at alt var bra med henne, og ho sa at Noreg var eit godt land å bu i. Eg trudde aldri at noko slikt kunne skje, seier morfar.

Ein dag som alle andre. Drapsetterforskarane klarla raskt hendingane, men ikkje motivet og årsaka til at Garolin valde døden og tok Rojgar med seg.

— Dette var ei svært tragisk og uvanleg sak. Vi veit berre ikkje kvifor Garolin gjekk til dette skrittet, seier etterforskingsleiaren Knut Harald Hansen, som også er straffesaksansvarleg i sunnfjordsregionen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

— Vi veit at ho hadde fått andre gongs avslag på asylsøknaden. Vi veit også at ho hadde fått barn med ein kurdisk mann, og at det var ein religions- og kulturkonflikt med omsyn til barnet. I tillegg var søstera blitt drepen på Sri Lanka. Dette kan forklare eit traume i privatlivet, men min tanke i dag er at ho ikkje gjorde dette fordi ho var psykisk nedkjørt. Det var Garolins styrke som gjorde henne i stand til å ta dette valet, seier Hansen.

- Kva meiner du?

— Ho var ei vaksen og oppegåande kvinne, som kom til ein krossveg. Kanskje oppsummerte ho på ein rasjonell måte sitt eige liv med omsyn til barnet, familien på Sri Lanka og at ho truleg måtte ut av landet. Ho tok ei avgjerd, og eg trur at ho var veldig klar over kva ho gjorde.

- Du trur altså at dette var planlagt?

— Eg trur ho hadde tenkt på det. Slik det framstår for oss, var ikkje denne dagen annleis enn andre dagar ho hadde hatt her i landet.

Kontant UNICEF-sjef. Bilen gyngar på det humpete grusdekket på veg sørover igjen. Mineryddarar og vegarbeidarar jobbar i støvskyene som heng igjen etter oss. Oppryddingsarbeidet etter krigen og gjenoppbygginga av Sri Lanka er i gang. Men tre år inn i freden er den nordlege delen av øya, den som på folkemunne vart kalla tigerland, framleis under militær kontroll. Ifølgje professor Kristian Stokke er situasjonen i området mykje den same som før krigen.

— Det som skapte konflikten i utgangspunktet, er blitt forsterka gjennom mange år med krig. Den politiske og økonomiske undertrykkinga av tamilar er berre blitt normalisert. Kanskje er det mindre frykt for arrestasjonar og forsvinningar i dag, men at tamilar framleis er annanrangs borgarar, er det ingen tvil om. Ingen kan stå opp mot den singalesiske dominansen, seier Stokke.

Tusenvis av barn skal ha blitt verva av Tigrane i løpet den langvarige borgarkrigen. Garolin var ein av mange som fekk UNICEF si underskrift på at ho hadde vore soldat. Reza Hossaini, sjefen for UNICEF sitt hovudkontor i Colombo, underslår ikkje at mange falske UNICEF-dokument er i omløp. Men brevet som Garolin la fram for norske styresmakter, var ekte.

— Hennar namn står på vår liste, stadfestar UNICEF-sjefen.

— Norske styresmakter hadde ikkje tillit til innhaldet i brevet, men sjekka aldri med UNICEF. Kva er din kommentar til det?

— Det overraskar meg at dei ikkje gjorde det, svarar Hossaini kontant.

NORSK VISITT: Tante Renuka (til v.) laga mat til minnestunda for søstera til Garolin, då familien fekk melding om dødsbrannen i Førde. I dag bur Rajeeth, Garolins yngste bror, hos henne. I november fekk dei vite meir om Garolins liv i Noreg, då advokat Kristine Aarre Hånes besøkte familien.
TOR HØVIK

Etter besøket hos UNICEF står ein opprørt norsk advokat utanfor på fortauet.

— Alt Garolin fortalde, var sant. UNE tok feil. Garolin var den ho sa ho var. Det har vi fått bekrefta, seier Kristine Aarre Hånes.

— Hadde UNE tatt seg bryet med å sjekke med UNICEF, kunne utfallet blitt eit anna.

STOLT MOR: Garolin med sonen Rojgar, som kom til verda i Førde ein aprildag i 2010.
BARNDOMSHEIMEN: Etter at Garolin deserterte frå Tamiltigrane, var ho knapt utanfor denne stova på 17 månader. I dette huset voks ho opp saman med tre brør og ei søster. No bur berre faren Theysingurasa Nesaraja og hans nye kone her.
TOR HØVIK
VENTAR BARN: Prasath og kona Darani framom heimen sin. I mai blir dei foreldre for første gong.
TOR HØVIK
BARN AV KRIGEN: Borgarkrigen var inne i sitt fjerde år, då Garolin Vinotha Nesaraja vart fødd 3. april, 1987.
Tor Høvik