OVE ARNE OLDERKJÆR

Ekspolitimannen som skaffa materialet som reinvaska Birgitte Tengs søskenbarn som Karmøy-jenta sin drapsmann, har seinare møtt ei kald skulder frå søskenbarnet og hans foreldre.

Bakgrunnen er at Harald Olsen krev familien for rundt 400.000 kroner i betaling ut over dei 200.000 kronene Olsen blei tilkjent av Høgsterett då Birgitte sitt søskenbarn fekk 1,2 millionar kroner i erstatning av staten før jul i 2003.

Harald Olsen sa i Karmsund tingrett i går at han har brukt langt over 1500 timar på etterforsking til fordel for Birgitte sitt søskenbarn, og at han har presentert faktura for berre 400 — 500 timar.

Olsen kom inn i saka to år etter at den 17år gamle Kopervik-jenta blei drepen i 1995, i første omgang oppnevnt av retten. Han meiner bestemt at han blei engasjert direkte av søskenbarnet sin familie straks etter at sistnemnde blei frikjent som drapsmann i Gulating lagmannsrett i juni 1998 og samstundes dømt til å betala 100.000 kroner i erstatning til Birgitte Tengs foreldre.

- Ikkje bestilt, ikkje avtalt

— Korfor skulle eg ta opp eit lån på 352.000 kroner for å betala eit arbeid eg ikkje hadde bestilt? sa søskenbarnet sin far i si partsforklaring i går.

Faren sa at det var sonen sin forsvarar Sigurd J. Klomsæth, medforsvarar Arvid Sjødin og Harald Olsen som frivillig tilbaud seg å hjelpa familien vidare.

— Det var aldri noko møte der dette blei avtalt, sa faren, i sterk motstrid med forklaringa til Harald Olsen og advokat Klomsæth, som også forklarte seg i går.

Klomsæth - som fall i unåde hos Tengs-søskenbarnet sin familie hausten 2003 - fekk problem med å svara familien sin nye advokat, Håkon Helle i går. Konfrontert med avisoppslag i 1998 der Klomsæth var sitert på at forsvararane ville betala vidare etterforsking av eiga lomme om naudsynt, svara han:

— Avis er ikkje det same som bevis. Eg har ikkje tid til å springa rundt og korrigera alt vrøvl som journalistar skriv.

Dårleg framdrift

Harald Olsen får frå dei saksøkte også kritikk for slurv med faktura og timelister, og for dårleg framdrift i etterforskningsarbeidet.

Søskenbarnet sin far sa at han fekk ei klar forståing frå både Klomsæth og Arvid Sjødin at fakturaene frå Olsen skulle gå med i kravet til det offentlege for dekking av sakskostnader.

— Motivet deira for å hjelpa oss var eksponerings- og marknadsverdi og berømmelse, sa faren.

Faren sa også at medlemmer av Orderud-familien til han har uttrykt misnøye med måten Harald Olsen handterer pengar. Olsen er engasjert som privatetterforskar også i Orderud-saka.