Meiningsmålingar i dei ti kommunane viser at det berre er i Hareid på Sunnmøre at det ikkje er reint fleirtal for å avvikle monopolordninga. Her blei resultatet uavgjort 45-45.

Ei meiningsmåling gjort i Førde viser at 60 prosent av innbyggjarane vil at øl skal seljast i daglegvareforretningane. Berre 31 prosent vil halde på dagens monopolordning. Resten, ni prosent, har ikkje gjort seg opp noko meining. Overraskande nok er det kvinnene som er mest positive til å få butikksal. 63 prosent av dei vil ha butikkøl mot 57 prosent av mennene.

Meiningsmålinga er gjort for Handelens Ølsalgsråd, eit utval under Handels— og Servicenæringens Hovudorganisasjon. Og resultatet frå Sunnfjordkommunen er ikkje unikt. Bortsett frå Hareid er det ifølgje kjøpmannskonsulent Eivind Myklebust reint fleirtal i alle dei andre ni kommunane.

— Målingane viser at ordninga med ølmonopol har utspelt si rolle, seier Myklebust, som presenterte undersøkinga i Førde sist veke.

Dei nye kommunestyra som blir valt til hausten, skal ta stilling til omsetnadsforma for øl dei neste fire åra. I praksis kjem ikkje sakene til å kome fram for politikarane før neste vår. I dei to einaste kommunane med ølpol i Sogn og Fjordane, Førde og Sogndal, vil alle daglegvareforretningane søkje om salsløyve.

— Sal av øl er næringspolitikk og ikkje sosialpolitikk, seier Myklebust.