TERJE ULVEDAL

Det er ein stille føremiddag på Førde ølutsal. Berre nokre få kundar er innom og handlar frå hyllene der utvalet er rikhaldig. Så godt som alle norske og ei rekkje utanlandske sortar er å få kjøpt.

Ivar Kjøsnes har styrt ølutsalet i Førde i 22 år. Han var ein varm tilhengar av ølmonopol den gongen. I dag er han endå tryggare på at monopolordninga er rett.

— Førde har ført ein sunn og korrekt alkoholpolitikk, meiner han. - Det kan ikkje reisast tvil om at lettare tilgang gjev større forbruk. Og med det også fleire sosiale problem. Det har aldri blitt konsumert så mykje alkohol her i landet som dei siste åra. Held veksten fram, vil det måtte opprettast mange institusjonar for å ta seg av dei som drikk seg til vrak. Problemet er meir enn stort nok alt i dag.

Naboane lokkar med øl

Ølutsalet i Førde held same opningstidene som Vinmonopolet. I fylkessenteret i Sogn og Fjordane er det ikkje råd å få kjøpt seg ei tidleg morgonpils, eller stikke på butikken å handle ein seks-pakning på kveldstid.

Ivar Kjøsnes listar opp ei rekkje argument for å halde på dagens monopolordning. Mellom dei viktigaste at Førde er ein skuleplass, og at kommunen har eit ansvar for foreldra som sender ungane sine til Førde. Og at kontrollen blir betre.

— Ein synleg rusa person får ikkje handle hos oss. Men hadde det vore butikksal, er eg overtydd om at same person før eller seinare ville fått kjøpt.

— Men er det hjelp i at Førde held på monopolet, når det blir selt øl i butikk i alle kommunar rundt?

— Hadde Førde hatt butikksal ville totalforbruket gått opp. Det tragiske er at nabokommunane Jølster og Naustdal brukar opningstider på butikkane for å ta daglegvarehandel frå Førde.

— Meiner du dei brukar fritt ølsal bevisst for å lokke til seg kundar frå Førde?

— Ja. Og Førde taper mykje daglegvarehandel på dette. Det er nett det same som grensehandelen mellom Norge og Sverige. Vi har grensehandel her i Sunnfjord også.

Snart ingen att

Dei siste åra har omsetnaden av alkohol blitt stadig meir liberal. Sogn og Fjordane er eit godt døme. For ein mannsalder sidan var det vanleg å bestille øl i kassar. Berre eit par kommunar hadde butikksal. På 80-talet starta glansalderen for private og kommunale ølmonopol. No har dei blitt avløyst av butikkølet. I vår fall monopola i Gloppen og Eid. Men i dei to største handlesentra i fylket, Sogndal og Førde, gjekk kommunestyra med relativt klart fleirtal inn for å halde på monopola.

— Det er politikarane i Førde og Sogndal som er ansvarlege. Førebyggande rusarbeid må også rettast mot folkevalde som liberaliserer alkoholomsetnaden, meiner Kjøsnes.

Halvert sal - stort overskot

Paradoksalt nok har salet av øl gått ned i tråd med at det har blitt lettare å få fatt i.

— Vi er ein del av ein europeisk trend. Ølsalet går ned, vinforbruket opp, forklarar Torunn Enstad i Rusfeltets samarbeidsorgan Actis.

Salsnedgang har dei også merka ved ølutsalet i Førde. Frå godt over 350.000 liter i året på 80-talet til rundt 190.000 no. Noko skuldast utan tvil «grensehandelen» til naboane med meir alkoholliberale folkevalde. Men største nedgangen kom likevel då Førde fekk Vinmonopol.

Likevel har Førde-monopolet makta å halde driftsresultatet oppe. Kvart år blir eit overskot på kring 800.000 kroner ført over til kommunekassen. Nær halvparten blir delt ut att som støtte til lag og organisasjonar.

Ølutsalet i Førde har vore kritisert for å selje øl dyrt pris for å tene mest mogleg pengar for kommunekassen. Dette avviser styraren.

— Vi legg vekt på å ha eit godt utval. Og vi sel også billeg-øl, seier han.

Ivar Kjøsnes, som har styrt ølutsalet i Førde i 22 år

RETT FOR FØRDE: Kommunepolitikarane i Førde har vist ansvar, seier Ivar Kjøsnes, styrar for eitt av dei siste ølmonopola i landet. Han kritiserer nabokommunane for å lokke med øl for å sikre seg daglegvarekundar: - Det burde vore regionalt samarbeid om alkoholpolitikken.<p/>FOTO: ODDLEOV APNESETH