Det stadfestar seksjonssjef Harald Sørby i Statens Forureiningstilsyn (SFT).

85 000 sjuke

I august i 2006 blir giftig oljeslam dumpa på ein avfallsplass i kystbyen Abidjan i Elfenbeinskysten. Avfallet kjem med skipet «Probo Koala», bygd i Norge men no utleigd til det nederlandske selskapet Trafigura. Før det får lov til å klappe til kai i byen ved Guineabukta, har fleire land nekta skipet å losse.

Etter at skipet har kvitta seg med den giftige lasta, luktar det rotne egg over heile den tidlegare hovudstaden. Innbyggjarane kastar opp, dei har vondt i hovudet, får utslett og blør naseblod. Og nokre døyr. I oktober melder Angola Press at 14 personar er døde. 85.000 har søkt legehjelp.

Omtrent samstundes, to månader etter skandalen i Afrika, legg søsterskipet «Probo Emu» til kai i Sløvåg. Økokrims etterforsking har avdekt at «Probo Emu» ved minst eitt tilfelle leverte giftig oljeslam i Gulen.

Les også: — SFT sviktet totalt

Som Plumbo

Ifølgje SFT er skilnaden i Elfenbeinskysten og Gulen at i det afrikanske landet blei avfallsstoffet lagt ope på ein bossplass der fattige leitar etter mat og ting dei kan gjere seg nytte av. I Gulen blei stoffet lagra på tankar som gjekk i lufta. Eksplosjonen og den veldige brannen gjorde at stoffet fordampa og blei mindre konsentrert.

I Elfenbeinskysten kom innbyggjarane som gjekk på avfallsplassen i direkte kontakt med det giftige stoffet. Dei fekk det på kroppen, og enkelte åt det rett og slett i seg gjennom mat dei fann.

— Slikt oljeslam er sterkt basisk. Måten stoffet verkar på kan til ei viss grad samanliknast med når du tømmer Plumbo i vasken for å opne røyr som har gått tett. Det brusar og luktar svært vondt, seier Sørby.

I Sløvåg gjorde eksplosjonen at mange av dei farlege stoffa brann opp. Gulingane slapp difor unna med å puste inn svovelforbindelsar som luktar svært vondt. Det førte til kvalme, såre halsar og auge.

— Det skal ekstremt lite til før slike svovelforbindelsar luktar, seier Sørby.

Les også: Naboar: - Mistanken vår er blitt stadfesta | Mange har framleis store helseplager

Politimeldt

I tillegg til det giftige oljeslammet tok Vest Tank mot olje som dei sjølv behandla fram til dei sat tilbake med giftig slam.

Sløvågselskapet hadde ikkje løyve til å ta mot verken olje eller slam. Dette er årsaka til at SFT har meldt Vest Tank til politiet.

— Vi ser svært alvorleg på det som har skjedd ved tankanlegget i Gulen, seier Harald Sørby.

Vest Tank hadde løyve til å behandle slopvatn, vatn som har blitt brukt til å reingjere oljetankar på båtar.

— Dei to tankane som eksploderte hadde blitt reingjorde og etterpå brukt til olje, seier seksjonssjef Sørby.

— Hadde selskapet løyve til dette?

— Vi hadde fått ei melding om at dei ville teste det ut.

— Er mengda olje som har blitt teke mot ved anlegget slik at det kan karakteriserast som testing?

— Vi meiner det er snakk om mykje meir. I dei to tankane som eksploderte, hadde det bygt seg opp eit relativt stort lag med slam.

Det som skjedde var at tankbåtar la til kai og pumpa olje over i tankane til Vest Tank. Her blei oljen avsvovla. Dette blir gjort for å få større bruksverdi og betre pris på olje. Prosessen aukar verdien på lasta.

Grov aktløyse

Etter at svovelen var fjerna, blei oljen pumpa tilbake i skipet. Tilbake i tankane låg reststoffet, det giftige slammet. Det var under eit forsøk på å reinse dette slammet at det gjekk gale. Vest Tank pumpa saltsyre inn i tanken for å få vatnet til å skilje seg frå det oljehaldige innhaldet i slammet. Prosessen hadde berre blitt prøvd ut i eit laboratorium.

Vest Tank har heile tida nekta for at det var noko anna enn vaskevatn på tankane som gjekk i lufta. Sist helg gjekk Bjørn Bjørnstad ut og sa at bedrifta har prøvd å lure styremaktene.

Seksjonssjef Harald Sørby seier det er tre grunnar til at SFT no har meldt Vest Tank.

— Dei har teke mot og behandla olje og oljeslam utan å ha løyve til det. Dessutan har dei i dette arbeidet utvist grov aktløyse.

— Kor alvorleg ser SFT på det som har skjedd ved tankanlegget?

— Vi ser svært alvorleg på det.

Les også: Ei uhyrleg neglisjering

Hva synes du om håndteringa av Sløvåg-ulykka? Sei di meining under!

Skodvin, Helge
ISSOUF SANOGO