Undersøkingsbrønnen er no plugga og forlaten. Ein leiteinnsats til totalt hundre millionar kroner er resultatlaus.

«Deep Sea Bergen» tok til å bora for Aker Energy og det tyske oljeselskapet RWE-DEA 1. februar. Med det hundre prosent Aker RGI-eigde Aker Energy kunne for første gong eit ikkje-oljeselskap bli petroleumsutvinnar på norsk sokkel. Agat-lisensen er førebels den einaste Aker Energy sit på.

Partnerskapen RWE-DEA (51 prosent) og Aker Energy (49 prosent) hadde håpa å finna gass i bergartane i nedre kritt-alder ved hjelp av avansert boreteknologi.

Agat-feltet på blokk 35/3-6 blei oppdaga i 1980. Noko gass blei påvist. Men Saga Petroleum og partnarane valte for ti år sidan å levera tilbake konsesjonen avdi feltet ikkje blei erklært kommersielt drivverdig.

Boringa i februar og mars i år har skjedd 65 km nordvest for Florø, på 225 meter djupt vatn, og i 3343 meter djupt under havbotnen. Boringa blei avslutta i bergartar frå øvre jura-alder.