— Vi meiner å sjå ei negativ utvikling i oljeindustrien når det gjeld tryggleik, seier sikkerheitsdirektør Magne Ognedal i Oljedirektoratet (OD). Det viser seg på fleire måtar: * Det kjem stadig fleire rapportar om uhell, nestenulykker og uønskte hendingar til OD. Sidan 1996 er talet på slike meldingar nesten firedobla.* Den tekniske tilstanden ser ut til å bli dårlegare. Enkelte plattformer vart stengde både to og tre gonger i fjor på grunn av tekniske problem.* Skadestatistikken for enkelte yrkesgrupper offshore har forverra seg. Kranulykker på topp Direktør Ognedal meiner det er mange faktorar som kan ha skulda for den negative utviklinga.- Krava til lønsemd har auka i selskapa. Dette kan påverke tryggleiken. Selskapa har også vore igjennom store organisatoriske end-ringar. Det har vorte færre folk, og kapasiteten er dermed redusert, seier Ognedal.Det var i fjor to dødsulykker på norsk sektor. Ifølgje Oljedirektoratet var det 16-17 nestenulykker der tilsette berre var millimeter frå å omkomme. Og nettopp ulykker med kraner og fallande gjenstandar går oftast att i statistikken. OD har gått i gang med å analysere 11.000 kran- og løfteoperasjonar dei siste fem-sju åra for å finne dei kritiske faktorane, ifølgje Stavanger Aftenblad. Skjerpar kontrollen Oljedirektør Gunnar Berge uttalte tidlegare i år at det har vore ein betydeleg svikt i leiarkulturen i oljebransjen når det gjeld tryggleik. OD vurderer å skjerpe kontrollen med oljebransjen.- Dei siste åra har vi brukt 60.000 timar i året på kontrollar. Vi vil prøve å få gjort meir av det framover, seier sikkerheitsdirektør Magne Ognedal.