Innsparingar i Stord kommune gjør at det ikke er nok sommarvikarer til dei tekniske tenestene denne sommaren. Dette fører til at ein del plenar får ganske heftig grasvekst. Resultatet er at uteområda kring trygdebustadene i Knutsaåsen, Buneset og Olvikvegen, ikkje vert stelt.

— Eg synest det er for ille. No er det nesten ikkje råd å vitja naboane på terrassen. Og frøa frå løvetennene fyk overalt, seier den driftige 86-åringen til avisa Sunnhordland.

Måndag kveld fekk ho likevel nok av det voksande graset og tok saksa i eigne hender. Ho la seg på kne og begynte å bane seg vei til søstera Elen Nielsen med ei ganske god saks.

— Eg synest kommunen burde ta eit tak og slå enga mellom bustadene i Knutsaåsen. Me som bur her betalar jo husleige, seier Skorpen, som er oppvaksen og har budd heile sitt vaksne liv på Litlabø.

— Der hadde eg stor hage og gjekk ute heile sommaren. Det skjer i hjarta mitt å sjå ein ustelt hageflekk, sier ho.

— Det skjer i mitt hjarta og, men eg kan diverre ikkje lova Olga Skorpen og dei andre bebuarane i Knutsaåsen at me skal komma og slå, seier Kjell Nesbø, einingsleiar for utbygging og eigedom, i Stord kommune til lokalavisa.

Kommunen har rett og slett ikkje råd til å ansette nok sommarvikarer til å drifte alle dei aktuelle uteområde som må stellast.

— Ei løysing er at dei pårørande tek ei tak med grasklipparen. Eg ser ikkje anna råd. Stoda er ikkje lysteleg for nokre av partane, seier Nesbø.

Etter at Olga sto fram i Sunnhordland har ho fått hjelp av ein nabo i dag, som har gått laus på graset med ljå.

Det er i allefall ein del hakk betre enn å ligge på kne med ei saks.

Joho: Olga Skorpen har klippa seg veg til Elen Nielsen.
JANE C.S JÜNGER/sunnhordland
JANE C.S JÜNGER/sunnhordland