Ove Arne Olderkjær

Og det samstundes som Hordaland vil spara pengar på å slå saman andre vidaregåande skular.

— Det blir snakka så fint om samarbeid over grensene. Men her går ein 30 år tilbake i tid. Hordaland vil tydelegvis utnytta den nye fylkesgrensa for det ho er verd, seier ordførar Bergsvåg til Bergens Tidende.

I fjor haust, knapt tre månader før Ølen gjekk over frå Hordaland til Rogaland fylke, oppmoda dei politiske leiarane i grannekommunane Ølen, Etne og Vindafjord i eit skriv til fylkesordførarane i begge fylke om at linene ved skulane i Ølen og Etne ikkje måtte konkurrera med einannan.

Hordaland fylkeskommune vil neste haust oppretta tre nye liner i Etne; grunnkurs i formgjeving, elektrofag, og sal- og servicefag. To av linene konkurrerer direkte med etablerte tilbod i Ølen. Den gamle fiendskapen mellom Etne og Ølen har dermed blussa opp att.

— For oss er det ikkje noko smertegrense for kor mykje vi vil konkurrera med tilsvarande tilbod i Ølen. Det får stå sin prøve at Ølen mistar elevar, seier ordførar Amund Enge (H) i Etne til avisa Grannar.

Ordføraren i Ølen og leiinga ved Ølen vidaregåande skule trur kostnaden som Hordaland fylkeskommune oppgir for nysatsinga i Etne - vel ein million kroner - vil bli vesentleg høgare. Endå verre meiner rektor Ingrid Ch. Søndenaa det er at begge skulane får elevgrunnlaget rive bort under seg i den grad at utfallet til sist truleg blir at Haugesund blir skulealternativet for både Ølen og Etne.