Utan å tole lyd eller lys, utan å klare å lese ei setning.

Ole Jon Bjørkum greier knapt å røre på seg. Det er så vidt eg klarer å oppfatte orda frå ungguten i senga:

— Kan du helse til alle vennene mine. Skriv at eg saknar dei veldig masse.

Eg er i ferd med å gjennomføre mitt første kviskrande intervju nokosinne. Ole Jon har mobilisert alle sine krefter for å ta imot Bergens Tidende.

Når eg om nokre få minuttar seier farvel, vil han vere totalt utmatta. Lenge. Men det har ikkje alltid vore slik.

Vart sjuk på 17-årsdagen

For det finsein annan Ole Jon.

Ein som kjørte rundt på moped i nabolaget på Leikanger i Sogn, ein som var datafrik og Linux-ekspert, ein som var skuleflink, ein som var med i eit lokalt band og som aldri hadde hatt nokon alvorleg sjukdom.

11. juni 2005 fylte han 17 år, og sidan den dagen har ingenting vore det same. Ikkje for Ole Jon, ikkje for familien hans.

Influensasymptoma forsvann ikkje. Same haust skulle Ole Jon ta til i andre klasse på vidaregåande. Det gjekk ikkje, sjølv med spesialtilpassa og redusert skuletid. Kreftene tok slutt før Ole Jon kom fram til skulen. Frå oktober same år har han stort sett lege i senga.

I dag greier han så vidt å komme seg på do. Uhyre sakte, uhyre utmatta etterpå.

Ole Jon fekk ME-diagnosen i desember 2005, og har dei klassiske ME-symptoma:

Feberkjensle, sår hals, ingen energi, smerter i kroppen, ekstremt kjenslevar for lyd og lys.

Sidan 26. juli i år har Ole Jon levd livet sitt i ei seng på ei akuttavdeling på psykiatrisk klinikk ved Førde sentralsjukehus. I eit stille, mørklagt rom.

Ikkje fordi han treng akuttpsykiatrisk behandling, men fordi dette er den einaste sjukehusavdelinga som kan ta seg av eit tilfelle som han. Som han sjølv seier det under vårt korte, kviskrande intervju:

— Eg kunne ikkje vore på ein plass som er stort betre for meg enn dette. Sjølv om det er på ei psykiatrisk avdeling.

Slutta som ass. fylkesmann

Det er ikkje berre Ole Jon som har fått livet sitt velta om.

Familien har måtta innrette seg for å kunne vere nær Ole Jon. Mor hans, Ingrid Bjørkum, har tatt permisjon frå jobben som assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane. Ho har skaffa seg husvære i Førde, og arbeider no femti prosent som rådgjevar ved fylkesmannens kontor der. Faren, Tore Eriksen, er rådmann i Luster, og har lagt ein kontordag i veka til Førde.

Søstera Torunn (25) studerer psykologi i Tromsø, har no praksis i Sogndal og skal skrive hovudoppgåve om ME-sjukdommen. Blant anna skal ho kartleggje korleis helsevesenet tar imot denne pasientgruppa.

For det har familien sjølv fått kjenne på kroppen.

— Pasientar som Ole Jon kan ikkje liggje på ein vanleg, hektisk sengepost. Han er hyperfølsam overfor lys, lyd og aktivitet, seier mora.

— Det var berre på psykiatrisk han kunne få eit opplegg rundt seg til å leve med.

Det er Ole Jon sjølv som har ønska at denne historia skal bli fortalt i avisa. Sist laurdag samla han alle sine krefter for å kunne møte oss.

- Eg skal bli frisk

Vi slepp ikkje innpå sjølve den akuttpsykiatriske avdelinga, så vi ventar på eit besøksrom medan Ole Jon blir henta.

Lyset er dempa da senga hans blir buksert inn den tronge døra. Med eit lite smell går sengehjula over dørstokken. Guten i senga skjer ein grimase. Så skal vi ta bileta. Blitz er utelukka.

— Lukk auga, eg slår på lyset no, åtvarar faren.

Det snatrar i kameraet, Ole Jon ligg der med auga lukka. På eitt minutt er det over, og lyset blir sløkt.

Eg set meg på ein stol tett inntil senga hans. Ein brøytebil bråkar utanfor vindauget. Vi ventar til den er vekke.

Så fortel Ole Jon at personalet på avdelinga tar veldig godt vare på han. Ungguten snakkar svært sakte, knapt høyrbart, pustar tungt.

— Kva er det du saknar aller mest?

— Å kunne bruke kroppen min utan å bli sjuk av det. Og så å kunne snakke litt meir med folk ...

— Kva tenkjer du om framtida?

— Eg tenkjer at eg skal bli betre, men at det kan ta tid.

Pause.

— Eg skal bli frisk.

Tilbake til mørket

Han fortel at lyspunkta er å få besøk av familien, å kunne snakke litt. Han sender helsing til venene sine, som han ikkje har sett på lenge.

— Korleis har personen Ole Jon endra seg av sjukdommen?

— Eg er blitt flinkare til å halde ut, å takle ting som kjem. Eg synest det er bra at avisa vil skape merksemd rundt dette.

Vi stoppar der. Han er tydeleg prega.

Faren hentar personalet, som hjelper til med å trille Ole Jon tilbake til avdelinga. Tilbake til eit mørkt, stille rom.

Sjølv går vi ut ei dør i andre enden av besøksrommet. Ut i snøslapset, ut i verda.

Øystein Torheim