Terje Ulvedal

Både i fjor og no i sommar har det vore ei rekkje dansetilstellingar i det omstridde teltet. Høg musikk, annan støy og fyll som har følgt med har skapt stor irritasjon mellom eigarar av fleire sjøbuer som ligg tett ved teltplassen. Turistar som har leigt buene har også klaga over bråket.

I fjor stod teltet oppe fleire månader utan løyve. I år gav kommunen løyve, men tidsavgrensa det fram til 19. juli. Annonsene om Ole Ivars-dansen 24. juli, er dråpen som har fått begerert til å flyte over mellom sjøhuseigarane.

— Vi ser no at dette ferske løyvet ikkje blir respektert, fordi det blir annonsert med dansetilstelling ei veke etter at teltet skulle vore tatt ned, skriv ekteparet Margaret Igland og Håkon Drage i ein klage dei har sendt både kommunen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Dei to ber om at klagen blir handsama som hastesak, men har ikkje tru på at festen med det mest kjende dansebandet i landet let seg stoppe.

— Det er ikkje noko mål heller. Men det vi håpar er å få ryddige forhold til neste sommar, seier Igland til Bergens Tidende. Ho legg ikkje skjul på at dette er ei vanskeleg sak å ta opp i eit lite bygdesamfunn.

Kritikken rettar ekteparet i all hovudsak mot kommunen:

— Vi må kunne forvente at vi kan forhalde oss til eit vedtak når det gjeld planlegging av ferien, gjester på bua vår og anna. Vi kan t.d. ikkje invitere våre barn og barnebarn dei helgar det er arrangement i teltet, på grunn av støy og uro.

Sjøbua ligg berre 40 meter frå festplassen, og ekteparet meiner dei dermed skulle hatt rett til å uttale seg som naboar. Dei meiner kommunen har gjort seg skuld i ei rekkje andre sakshandsamingsfeil.

Bremanger kommune har mellom anna grunngitt løyvet til å setje opp teltet med den positive responsen som har vore frå lokalbefolkninga i området. Til Bergens Tidende seier fungerande rådmann Liv Marit Bøen at dansetelteigaren og arrangøren av Ole Ivars-dansen har sitt på det tørre. Dei har fått lov til å ha teltet ståande over neste helg.

— Ja, vi har utvida løyvet. Beskjeden om dette er gitt munnleg, men det vil også bli sendt ei skriftleg stadfesting, seier Bøen.

— Korleis vurderer du dei momenta som er sett fram i klagen?

— Det eg vil seie er at klagen skal bli handsama på vanleg måte. Men det vil først skje etter sommarferien.