OLAFARBROR I KÅRHUSET på Rossvoll hadde mange års røynsle med pil og boge, og lærte villeg frå seg til ungane på Hakestad. Blinken hengde han på løa.

Den raudmåla veggen er framleis full av søkk etter små midtpunkt — pilspissar som ikkje trefte den svarte prikken midt i skiva.

— Olafarbror gav oss god innføring i bogeskyting, veit du, fortel Stein Olav Kolås (44).

Alt er vatn, denne høgsommardagen i Hardanger. Rart, eigentleg, at lyrikaren, som budde her eit heilt manneliv, ikkje skreiv meir om regn.

Skodda heng som eit grått åkle over fjorden. Regnet druknar dei bratte frukthagane, og dropane ligg som blanke tårer på eplekarten.

— Aroma, Discovery, Vistabella. Det var heilt andre eplesortar då han budde her, fortel bonden i tunet.

EIN REIN VILLA. Olav Håkonsson Hauge vart fødd på Hakestad om morgonen den 18. august, 1908. Her har slekta budd sidan 1600-talet, og her budde Olav H. heile livet.

I 1935 flytta familien til det nybygde kårhuset på Rossvoll, nokre hundre meter bortanfor gardstunet. Det var faren Håkon, mora Katrina og ungane Olav, Oddmund og Anna.

«Stovehuset er ein rein villa», skriv 29-åringen i dagboka hausten 1937. Han er nyss heimkomen frå eit langt opphald på Valen sjukehus. Olav H. gler seg over å bu i eit heilt nytt hus, og skriv at han håpar det verste er over no.

Syskena giftar seg, ein etter ein, og flyttar ut. Men Olav blir. Faren døyr i 1954, og to år seinare flyttar mora til sonen Pål i gamlehuset på Hakestad.

«For første gong i livet bur Olav H. Hauge verkeleg åleine», skriv biografen Knut Olav Åmås i «Mitt liv var draum», og slik lever ungkaren i fleire tiår.

Heilt til Bodil Cappelen, ho som sende han «ei plate med Bach og Händel», flyttar inn i kårstova i 1975.

PRIVAT MUSEUM. - Kvar dag kom Olafarbror bortom, anten i 12-tida eller 17-tida. Sliping av ljåar, pressing av eple - alt slikt gjorde han heime hjå bror sin, seinare meg.

Stein Olav Kolås står i det våte graset og fortel om grandonkelen sin, slik han har gjort mange gonger før. Om Olafarbror, som likte å sitja og lesa i smia til faren som barn, der det var lyst og varmt. At han ofte las «Kirsebærtreet» på familiesamlingar, og om kor glad han var i kattar. Ein gong farbroren hadde vore i Roma, møttest dei to i tunet.

— Eg spurde korleis han hadde hatt det. Han fortalde ikkje om kunst- og kulturlivet, men eg fekk veta alt om kattane i bakgatene i Roma. Olafarbror likte å sjå det som var bakom, veit du.

Utanfor den okerfarga inngangsdøra til kårstova veks kaprifolium, og i det gamle treet attom huset heng søte, saftige kjøtmorellar. Det ryk frå pipa denne mistrøystige sommardagen, men ingen bur her lengre.

I dag er kårhuset eit privat museum. Stadig kjem Hauge-vener i allslags utgåver - lesesirklar, hotellgjester, litteratar og pensjonistgrupper - til gards for å oppleva huset og landskapet, der Olav H. Hauge levde og arbeidde heile sitt liv.

— Berre dei som er interesserte i dikta hans, kjem hit. Vi vil at dei skal kjenna seg att i miljøet. I desse rammene finn dei ro og stille, slik Olav likte det.

TIL EIT ASTRUP-BILETE. Innomhus er lite att etter han som budde her. Men på eine veggen heng eit trykk av Astrup-biletet «Vårarbeid i hagen», som Hauge fekk av venen Jon Bleie til 50-årsdagen.

«Det vert ei liti høgtid kvar gong eg ser på det», skreiv han i dagboka. Seinare kom diktet «Til eit Astrup-bilete».

Og hovudattraksjonen, samlinga på fleire tusen bøker i heimespikra bokhyller, står framleis slik dei gjorde i Hauges tid. Kolås dreg éi bok ut av hylla. «Dikt i samling» kom ut fyrste gong i 1972.

— Dette er livsverket til Olav.

FORMIDLAR AV KVARDAGEN . Då Kolås var liten, hadde dei berre ein telefon på garden. Det var gutungen sin jobb å springa ærend til grandonkelen, når det kom telefon, eller det var hans tur til å lesa Bergens Tidende.

— Vi ungane sykla rundt, og var ofte bortom Olafarbror, åt morellar og bringebær, såg på bøker og skaut på blink. Så hadde han alltid så fine sukkererter. Vi prata om alt mogleg, om gardsarbeid, slekter, reiser, bøker. Olav snakka likt til alle, ungar som vaksne.

— Kva slags type var han?

Han tenkjer seg om, veg orda.

— Når du er nær nokon, i same slekt, er det berre slik, veit du. For meg var alle syskena - Pål, Oddmund, Anna, Olav - like. Dei hadde same uttrykksform, og det var ei oppleving å vera i lag med dei.

— Eg oppfatta ofte Olav som ein referent. Han var ikkje med i arbeidet på same måte som dei hine, likevel formidla han kvardagslivet. Vi i familien kjende han best som ein stor lesar og svært kunnskapsrik mann.

Til liks med farbroren, har Stein Olav Kolås budd det meste av livet på bruk nr. 5 på Hakestad. Også han er gartnar av yrke. Ikkje at det er så spesielt, det er plenty gartnarar i slekta. Kolås har til og med gifta seg med ein.

«I dag skal Stein-Olav gifta seg. Tove er frå Oslo. Båe gartnarar. Mari skal døypast. Slik held livet på garden fram. Me er gamle på Hakaste», skriv Hauge 29. juni, 1991.

STILLE BURSDAGSFEIRING. Mange, mellom dei Ulvik herad, Venelaget Olav H. Hauge og enkja Bodil Cappelen, ønskte å laga eit dokumentasjonssenter over Hauge si dikting i heimetunet. Men familien ønskjer å forvalta kulturarven på Rossvoll sjølv.

— Me er kjende med den kulturelle verdien, og er svært interesserte i å formidla Olav her oppe, slik me kjenner han. For oss er dette arbeidsplassar, ein del av driftsgrunnlaget vårt, seier Kolås.

— Men sterke krefter ønskjer å ta vare på huset, og opna det for fleire?

— Huset er ope. Det har aldri vore stengd. Det har alltid kome og reist folk her. Olav og hans sysken hadde ofte gjester utanbygds frå, seier han.

— Mange har gjort seg til part i denne saka, men garden har vore i slekta i mange hundre år. Me lever og driv her i full forståing med Olafarbror og slik han ville ha det.

I haust opnar dokumentasjonssenteret ein annan stad - i det gamle heradshuset i Ulvik sentrum. 100-årsdagen til Olav H. Hauge skal markerast i bygda i dag, men i tunet på Rossvoll blir det stille.

Familien vegrar seg mot å snakka offentleg om kven som skal forvalta arven etter diktaren.

— «Kom ikkje med heile sanningi», skreiv Olav. Det kjem fleire dagar, veit du.

Valde, Vegar
Valde, Vegar