Forhenget som skal tildekka alkoholhaldig drikke var heller ikkje i samsvar med regelverket.

Alkoholkontrollen møtte dessutan negative haldningar til arbeidet sitt frå dei butikktilsette, og den daglege leiaren vedgjekk at han ikkje var kjent med kommunen sine vedtekter for alkoholomsetnad.

Kommunen har gitt påbod om å retta på forholda, og trugar med inndraging av salsløyvet dersom tilsvarande blir avdekt seinare.