— 95 prosent av alle nordmenn har aldri smakt eit skikkeleg egg, fortel Erik Halvorsen meg på telefon.

Er eg ein av desse?, undrar eg medan «Granvin» nærmar seg Lygra. Vi stig i land, og følgjer stien som snirklar seg gjennom kystlandskapet. Ein gulkledd bonde i oljehyre tek imot oss i grinda, og vi slår følgje mot tunet. Under eit kastanjetre i hagen utdjupar han:

— Hønene finn sin eigen mat på garden. Dei et gras, insekt, frø og urter, seier Halvorsen.

Han seier at berre to prosent av hønene i Noreg er ekte økohøns. Egg frå frittgåande høns blir noko heilt anna.

— Dei har verken sett sollys eller ete gras, men går i kø innandørs på få kvadratmeter.

Ei hønemor spaserer kring benken der vi sit. Med nebbet i bakken og stjerten i vêret går ho slik heile dagen, før ho om kvelden søkjer tilbake til hønsehuset for ein høneblund. Erik og sambuaren Annette Münster klarer seg fint utan fjernsyn.

— Det er meir enn nok underhaldning i hønene, meiner dei.

- U-land på grønsaker

Radøy og Øygarden tek unna det verste av uvêret, og Lygra ligg lunt til, omkrinsa av Lurefjorden. For dei om lag 50 personane som bur på øya, har den aldri heitt noko anna enn «Luro».

— Eg har gjort «luring» av meg, smiler Erik, opphavleg frå Laksevåg.

For inntil to år sidan dreiv han «Spisestedet på Høyden», der han hadde ansvaret for å kjøpe inn råvarer. Inga enkel oppgåve, når industriproduksjon er din verste fiende.

— Vi ville ha lokalproduserte og økologiske varer, men det var veldig vanskeleg å få tak i. Vestlandet er heilt u-land når det gjeld ferske, smakfulle grønsaker. Einaste måten å få tak i ordentleg mat, er å lage den sjølv, konkluderer den tidlegare matskribenten i BT.

20 potetsortar i åkeren

Nokre regndropar fell over oss, men det ser ikkje ut til å plage Erik. Han snakkar lidenskapleg om potet, som han har 20 sortar av i åkeren.

— Folk bruker mykje pengar på lutefisk og pinnekjøt, men går framleis på Rema 1000 for å kjøpe poteter. Dette trass i at poteta er halve smaksopplevinga i norsk matkultur.

Den to mål store åkeren rommar poteter med ulikt skall, konsistens og smak, alt til sitt bruk. Blant Eriks favorittar er silkemjuke Amarillo frå Peru, som smeltar på tunga.

Skal økobombe Bergen

I barndomen fekk Erik ein smakebit av kystlivet på besteforeldra si hytte i Austevoll. Som 32-åring finn han meir og meir tilbake til kosthaldet og livsstilen til besteforeldra.

Klosettet på badet er byta ut med eit innandørs utedo. Sambuarparet freistar å utnytte ressursane på garden best mogleg, og Annette lagar hudkrem av urter frå hagen. Dei er for det meste sjølvberga.

— Folk seier dei ikkje har tid til å lage mat, men står i kø på butikken ein halvtime kvar dag. Vi er på butikken ein gong i månaden. Slik får vi tid til overs til å lage god mat og nyte den.

I dag produserer garden meir mat enn dei kan ete sjølv. Draumen er klar:

— Målet er å teppebombe Bergen med økologiske grønsaker. Eit russisk militærfly skal sleppe ut pallar med friske grønsaker. Har folk først fått smaken på økologisk mat, er det ingen veg tilbake, påstår Erik.

- Utdøyande matkultur

Den norske matkulturen er i ferd med å døy ut, fryktar økobonden.

— Nubbesild og spekesild er Noregs svar på parmaskinke og brie, men det er nesten ingen som kan lage det lenger.

På garden til Erik og Annette lever den norske matkulturen i beste velgåande. Tre unggrisar spring leikne rundt, og vil gjerne ha ein bit av journalistens sjøstøvel. På beitet nedanfor går to kalvar, og ein flokk villsauer held bonden med pinnekjøt og fårikål.

På oppsida av huset tronar grønsaksåkeren. Graskar, squash, brokkoli, jordbær, raudbetar og dill er blant delikatessene som spirer her.

— Eg kan ikkje førestelle meg betre mat enn nyfiska torsk og poteter frå hagen. Det ein kjøper i butikken kan ikkje samanliknast, seier bonden.

Her kan du besøke BT-båten

Silje Katrine Robinson
Silje Katrine Robinson
Silje Katrine Robinson
Silje Katrine Robinson
Silje Katrine Robinson
Silje Katrine Robinson