• Rart ikkje fleire har settt i gang, seier Ingebjørg Heiberg.

Sognebonden driv lønsamt og økologisk landbruk.

– Vi dyrkar framleis gras, i tillegg til økologisk frukt og utleige av fritidsbustader, fortel ho.

– Eg synest det er rart at ikkje fleire har sett i gang. Økologiske produkt er populære og blir så godt betalt at det gir gode sjansar for overskot, seier Ingebjørg Heiberg på Øvre Amla i Kaupanger.

Ho har skapt sin eigen arbeidsplass i tillegg til ein sesongarbeidar frå Polen. Garden er på 200 mål innmark og har store skogsvidder.

Økologisk høy

Fallande tømmerprisar og stadig mindre lønsemd i landbruket, førte til at tradisjonell drift på Amble gard vart lagt om til økologisk. Ektemannen Gjert har full jobb utanom bruket, og Ingebjørg har slått seg på økologisk fruktdyrking og utleige av fritidsbustader.

– Dessutan dyrkar vi framleis gras, men no på ein slik måte at det kan seljast som økologisk høy, legg ho til.

Høyet er ettertrakta hjå bønder som driv økologisk kjøtproduksjon. Heiberg har 180 mål slåttemark.

I den 17 mål store frukthagen har Aroma vore hovudsorten. Det er ein eplesort som høver godt til økologisk dyrking. På kvar side av feltet har ho planta tre rader med bestøvingstre.

Eplesaft til joggarar

– Kven kjøper frukta av deg?

– Mesteparten går til det lokale fruktlageret, men eg kan også levere til gardsbutikken på Stend jordbruksskule.

– Og det som ikkje er førstesortering?

– Det pressar eg saft av. Polakken, som har vore her i 19 sesongar, er ein nevenyttig kar. Ein haust reiste han heim med ideen av kva eg var ute etter, og neste vår kom han med ei fiks ferdig saftpresse, «Made in Poland».

Safta blir pasteurisert og tappa på kartong på garden. Blant saftdrikkarane er miljømedvitne joggedamer i Oslo.

– Her i Sogn har vi også et framifrå sikringsnett i saftprodusenten Balholm i Balestrand. Dei tek unna alt som kan leverast av økologisk frukt. Prisen er såpass god at det nesten svarer seg å levera konsumfrukt til pressing. Men dette sit langt inne hjå mange, seier Heiberg.

Utleigehus med sjel

På garden har ho eit anna viktig bein å stå på: 37 senger fordelt på fem hus til utleige for korte eller lange ferieopphald.

– Vi tok til for snart ti år sidan i drengehuset Borgstova. Der er det åtte senger på fire soverom. Dei to baderomma har fått god standard, fortel Heiberg

Seinare vart stova på husmannsplassen Sagebakken sett i stand med same kapasitet. Bustadhuset etter ei tante har fem senger på tre soverom, og husmannstova i Hestehagen er svært ettertrakta, sjølv om standarden er enkel. Huset har sjel. Nyaste tilskot er kårhuset, ein bustad for dei store samlingane. Her er det stor stove, tre bad og 12 senger på seks soverom.

For gjester som er historisk interessert, heng familieportretta og Jostedalsrypa framleis i dei gamle lokala til De Heibergske Samlinger, sjølv om samlingane elles er komne i nye lokale ved riksvegen.

Arne Hofseth
Arne Hofseth