Kafésjef Norodd Støfring trudde ikkje sine eigne auge då flokken av asiatiske turistar starta matlaging inne på kaféen på Vassenden i Jølster sist helg.

– Dei okkuperte alle borda og rigga seg til med eige kjøkken bakarst lokalet. Maten blei servert på eingongstallerkenar, fortel Støfring til NRK Sogn og Fjordane.

Alt starta med at ein engelsktalande guide kom inn på kafeen og spurde om dei kunne få ete der. Støfring sa sjølvsagt ja.

– Då visste eg ikkje ta det var to fulle bussar med nær 100 personar som hadde med sin eigen mat.

Då kaféverten bad dei forlate lokalet, møtte han lite forståing.

– Dei ville ikkje skjøne kva eg snakka om, sjølv om han som var leiar for reiseselskapet snakka svært godt engelsk.

Men gjestene som Støfring meiner anten kom frå India eller Pakistan, forstod til slutt at dei ikkje var velkomne. Det enda med at dei gjekk ut og maten blei servert på nokre bord utanfor kaféen.

– Eg har ikkje opplevd frekkare framferd på det eg kan hugse. Men eg må jo sjå humoren i det, seier Støfring.

KUPPET: Kafésjef Norodd Støfring og kjøkkensjef Anne Grete Førde ble overrasket av to busslaster med indere som rigget seg til i kafeen.