Den spesielle saka tek til like etter midnatt ein søndag i april i år. Sunnfjordingen og kona oppdagar ein politibil utanfor huset. Gjennom vindauget ser dei sonen i huset i det som verkar vere ein rimeleg sivilisert samtale med to politimenn. gjer teikn til at dei skal kaste ned husnøklar. Dei så gjer. I det sonen går fram for å plukke opp nøklane, slår politiet til. Dei legg sonen i jarn, plasserer han i bilen og køyrer sin veg.

Livredd

Sunnfjordingen gjekk til politikontoret for å finne ut kva som hadde skjedd. På trappa møter han tenestemennene.

— Eg presenterte meg på ein høfleg måte, og sa at eg ville vite kvifor dei hadde teke han med seg. Svaret eg fekk var: «Dra til helvete». Eg sa at eg ikkje ville lage kvalm, men at eg tykte eg hadde rett til å få vite kva han hadde gjort. Då fekk eg ei klar melding: «Dra til helvete her ifrå, elles skal du få sitje i lag med han i natt.»

Etter eit tredje forsøk på å nå gjennom gav bedriftsleiaren opp. Politifolka skulda han for å vere rusa. Mannen vedgjekk på staden at han hadde delt ei halvflaske vin med kona til middagen og teke nokre konjakkar etterpå, men at han så absolutt var ved sine fulle fem.

— På veg ned trappa frå kontoret glapp det ut av meg: «Fy flate for nokre pappskallar».

Braknederlag

Dagen etter kom det fram at sonen hadde blitt arrestert for å forstyrre ro og orden.

Nokre dagar ut i veka får 60-åringen brev med melding om at han er ilagt eit førelegg på 4.000 kroner for å ha forulempa to polititenestemenn ved å kalle dei pappskallar.

— Eg skreiv eit brev der eg bad om unnskyldning. Men i brevet gjorde eg det også klart at eg ikkje ville godta førelegget, og bad om å bli kalla inn til avhøyr.

Etter avhøyr av begge foreldra tok politiet ut tiltale mot sunnfjordingen etter paragraf 350 i straffelova, for i rusa tilstand å ha forulempa tenestemennene.

Men i retten gjekk påtalemakta på eit braknederlag. Fjordane tingrett slår fast at mannen ikkje kan tiltalast etter denne paragrafen, fordi det er tvil om han var rusa i lovens forstand. Retten har også kome til staten må dekke sunnfjordingens sakskostnader, i overkant av 15.000 kroner.

Mannens advokat, Stig Nybø, seier hans klient oppfatta politifolka som uhøflege og arrogante.

— Eg har lita tru på at påtalemakta ønskjer å anke denne saka, seier Nybø.