Under ein slåsskamp i Leirvik sentrum ei laurdagsnatt hausten 2000 slo 18-åringen ein annan ungdom i andletet med ei ølflaske.

Flaska blei knust og den skadde måtte sy to kutt i andletet. 18-åringen oppsøkte krangelen for å forsvara kameraten som var omringa av rundt 30 personar. Ein replikk fekk ein av dei involverte til å gå til åtak på 18-åringen. Retten meiner 18-åringen deretter handla i naudverge, og at han ikkje kan klandrast for å ha slege med flaska.

Det var ikkje tid til å sleppa ølflaska, ein kunne heller ikkje venta at 18-åringen slo mot andre kroppsdeler enn andletet, konkluderer tingretten.