Stadig fleire utdanningsinstitusjonar tilbyr ei eller anna form for studium innan utviklings— eller bistandsfag.

Universitetet i Bergen starta hausten 2003 opp med eit bachelorprogram, og den store interessa for faget har overraska dei tilsette. Ved opptaket i haust var faget høgt oppe på lista over studium som krev høg poengsum for å koma inn.

Edvard Hviding, professor i sosialantropologi og tidlegare leiar for arbeidet med studieprogrammet, fortel om radikalt politisk engasjerte studentar, og seier noko av det som kjenneteiknar studentgruppa er at mange har allereie vore i u-land, dei ønskjer å jobba utanlands, og dei er interesserte i eit breitt fagfelt. Han er også samd med Bjørkelo som seier medieinteressa er viktig for at fagfeltet vert meir populært.

— Verda står over for større utfordringar enn sidan andre verdskrig. Ein kan snakka om kapitalens globalisering og ei polarisering Vesten mot resten. Studentane er unge og i gang med å orientera seg. Dersom eg hadde vore 20 år no, hadde eg hatt behov for å forstå, seier Hviding.