OVE ARNE OLDERKJÆR

Nærmare tusen LO-organiserte i Sunnhordland vil møta fram ved rådhuset på Leirvik klokka 11 torsdag. Arbeidet blir lagt ned i to timar i protest mot innstillinga frå Arbeidslivlovutvalget.

— Går fleirtalsinnstillinga gjennom, blir forholdet mellom arbeidsgjevar og arbeidsfolk sett fleire generasjonar tilbake. Det opprører folk ute på golvet at dagens arbeidsmiljølov kan bli erstatta av ei lov som tek meir omsyn til arbeidsgjevarsida, seier konserntillitsvald Atle Teigland i Aker Kværner ASA.

Arbeidslivlovutvalget (ALLU) la i februar fram ei delt innstilling til ny lov for arbeidslivet. Fleirtalet går inn for å avskaffa Arbeidsmiljølova og i staden sette ei ny lov som set til side ei rekke av reglane i Arbeidsmiljølova.