— Vi skal ikkje klaga. Vi har det bra, seier Eidfjord-ordførar Anved Johan Tveit til Bergens Tidende.

Kommunen inst i Hardangerfjorden selde fossane sine til storsamfunnet som trengde lys og varme, og framstår som rikast på Vestlandet; heilt gjeldfri og med over 30 millionar kroner «på bok». Det tilsvarar 33.266 kroner for kvar einaste eidfjording.

I tillegg veit vi at den vesle kommunen med rundt tusen sjeler har forskottert Staten si vegbygging i stor stil og sett inn dobbelt så mykje i Hardangerbrufondet som storbyen Bergen.

Likevel må sparekniven svingast for å få budsjetta i balanse.

Vande med overforbruk

Staten har synt seg å vera ein dårleg forretningspartnar for kraftkommunane. Medan andre må halda avtalane dei inngår, har Staten makt til å endra vilkåra. Til no er skattereglane endra slik at både Eidfjord og Ulvik misser seks millionar kroner årleg. Det smertar mest i Ulvik, som har mindre kraftinntekter, men merkast også i Eidfjord. Og Staten har signalisert nye innstrammingar av same storleik i løpet av fire år, vel vitande om at pengane ikkje kjem det norske samfunnet til nytte når det blir opna for internasjonale stor-eigarar i kraftselskapa.

— Vi må skjera ned budsjetta tilsvarande, seier Tveit.

— Kva med å ta av pengane i banken, slik enkelte rikspolitikarar vil ta av oljefondet og bergensarane av brufondet?

— Det er slett ikkje særleg lurt. Sett at vi hadde brukt seks millionar kroner i året av fondsmidlane i staden for å setja tæring etter næring. Då ville vi etter 5-6 år ha brukt opp pengane. Vi ville ha mista all handlefridom til investeringar, og stå framfor enda verre nedskjeringar, godt vande med overforbruk, seier Tveit.

Rådhusregning for retten

Han seier at ein prøver å skjerma primærtenestene. Når to barnehagar er lagt ned, har det samanheng med nedgang i barnetalet. Kommunen har landets lågaste barnehagesatsar.

I den gjeldfrie kommunen er ikkje driftsbudsjettet tyngd av rentekostnader. Rentene er på inntektssida. Å vera gjeldfri er ein bevisst politikk knesett for nokre få år sida; no skal det ikkje takast opp meir lån.

— Prinsippet er at vi ikkje skal setta i gang tiltak utan å kunne finansiera dei med eigne midlar, fortel ordføraren.

I motsetnad til kommunar flest, er Eidfjord heller ikkje blitt pådytta gjeld av Staten si eldresatsing. Kommunen var i forkant også her. Då «gratistilbodet» om sjukeheimsutbygging kom, hadde Eidfjord alt overkapasitet. Framleis er det ledige sjukeheimsplassar i kommunen.

Eidfjord har vore skulda for uvøren pengebruk, mellom anna ved å bygga ein overdådig kommunehus. Men Eidfjord er truleg einaste kommune med rettskraftig dom på at kommunehuset ikkje er større og gildare enn det bør vera. Den dommen fall då Statkraft ville lura seg unna kommunal eigedomsskatt og trekte kommunen for retten med påstand om at kommunesenteret var by, men tapte.