Boliden Odda AS har kjøpt katta i sekken med sin nye kraftavtale som skulle gi mjuk overgang til marknadspris på elektrisk straum.

— Avtalen får utslag som ikkje var tilsikta, seier administrerande direktør Stein A. Ytterdal til Hardanger Folkeblad.

Avtalen gjeld frå komande årsskifte til 2030, men marknadsprisen har allereie stige så kraftig at straumrekninga for Boliden (tidlegare Norzink og Outokumpu) vert dobla, frå 200 til 400 millionar kroner i året.

Formlane som skal brukast til å rekna ut prisen, verkar ikkje lenger etter føremålet, meiner Boliden Odda AS, over eit halvår før avtalen tek til å gjelda. Og grunnen er den kraftige auken i kraftprisar generelt, kombinert med kvotehandelen med CO2.

I verste fall kan leiga Boliden må betala for kraftstasjonen auka frå 200 til 400 millionar kroner i året.

Boliden har gjennomført første fase av eit stort moderniseringsprogram for verket. Det er uvisst om kraftprisane vil få dei svenske eigarane til å kutta ut fase 2. Etter planen skal denne vera gjennomført innan 2012. Då treng dei 1,4 TWh elektrisk kraft til full produksjon.

Tinfos Titan & Iron (TTI) i Tyssedal er i same situasjon som Boliden, for Bergens Tidende opplyst.