JOHN LINDEBOTTEN

— De kan vera heilt trygge. Austrheim vidaregående skule vert ikkje nedlagt. Det er nettopp fritt skuleval som gjer at Austrheim vidaregåande greier seg så godt.

Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen (H) skrudde på sjarmen då ei busslast med elevar frå Austrheim vidaregåande skule møtte opp i fylkestinget i går. Med bistre miner tok dei plass bak i salen for å truga fylkestinget til å gå mot framlegget om fritt skuleval i den vidaregåande skulen i Hordaland.

— Mange elevar vil dra til Knarvik eller heilt til Bergen for å gå på skule. Då vert det for få elevar att til å halde oppe skulen vår i Austrheim, seier Cassandra Fonnes Vikebø.

— Ville du valt ein annan skule enn Austrheim vidaregåande om du kunne? spør Tom-Christer Nilsen?

— Nei, det ville eg ikkje.

— Ville du valt ein annan skule? Og du? Og du?

— Fylkesvaraordføraren får nei til svar frå dei han spør.

— Det er fritt skuleval som gjer at elevar frå Sogn og Fjordane kan gå på Austrheim vidaregåande og sikra elevtalet på skulen. Ville de likt det om eg avgjorde at de skulle gå på skule der eller der, utan at de fekk velja dette sjølv? spør fylkesvaraordføraren til slutt.

Saka var avgjort

— Vi kjenner oss ikkje trygge på dette med fritt skuleval likevel, seier Cassandra Fonnes Vikebø, etter å ha høyrt på Tom-Christer Nilsen.

Det gjorde ikkje opposisjonen i fylkestinget heller i går ettermiddag. Men saka var avgjort lenge før ordskiftet starta. Det vedgjekk både Joril Christensen og Liv Oda Dale frå Arbeidarpartiet. Fleirtalspartia, Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti hadde bestemt seg, og dei fekk fylgje av Pensjonistpartiet. Røystetala vart 30 mot 27 så no vert det fritt skuleval i Hordaland frå skuleåret 2005-2006.

Liv Oda Dale etterlyste tal som kunne syna kva det var å tena på fritt skuleval. Då dei tala ikkje var å finna, konkluderte Joril Christensen med at dette handla om ideologi. Ho vart ikkje motsagt på det.

Torstein Dale frå Raud Valallianse sa at fritt skuleval i røynda er å påtvinga elevar med dårlege karakterar ein lengre skuleveg. Når elevane med gode karakterar kan velja først, endar det med opphoping av svake elevar på skulane i distrikta. Dette vil svekka fagtilbodet og gå endå meir ut over søkinga til desse skulane, sa Torstein Dale, og vart ikkje motsagt, han heller.

Ikkje fritt for alle

Fylkesrådmann Paul M. Nilsen avslutta sitt saksframlegg med nokre påminningar:

  • «Fritt» skuleval handlar om retten til å konkurrera om skuleplass på grunnlag av karakterar. Med andre ord: det er slett ikkje alle som får fritt val.
  • Men fri konkurranse får kanskje skulane til å skjerpa seg, og soleis verta betre.
  • På den andre sida må ein del elevar med dårlege karakterar reise til skular som dei ikkje naturleg soknar til. Dette kan forsterka problema deira.
  • Kostnadene med skuleskyss vil truleg auka.
  • Fritt skuleval kan gjera det vanskelegare å halda oppe tilbodet i distrikta, og soleis forsterka sentraliseringa i samfunnet.

Mot dette står Tom-Christer Nilsen sin lovnad til elevane frå Austrheim om at skulen deira ikkje er i fare.

— På Austrheim vidaregåande er vi ca. 300 elevar. Ikkje fleire enn at nesten alle kjenner alle, og vi kjenner alle lærarane. Vi har eit godt miljø. Nesten ikkje mobbing. Derfor er det viktig å sikra at skulen vert halden oppe, seier Cassandra Fonnes Vikebø.

Fylkestinget vedtok òg at ordninga med fritt skuleval skal evaluerast hausten 2005.