— Det vil i så fall vere med vitande og vilje å sprenge regjeringssamarbeidet dersom valresultatet gjev grunnlag for å vidareføre dagens regjering, kommenterer Venstre-leiar, Lars Sponheim, overfor Bergens Tidende.

Sponheim legg til at det vil vere like aktuelt som i inneverande stortingspreiode å ha ein sjølvmordsparagraf på EU-saka, om dagens regjering held fram. Ikkje minst aktuelt er det blitt etter KrF sitt landsmøte meiner han.

Nestleiar Knut Arild Hareide i KrF seier til Bergens Tidende at han er heilt samd med Sponheim i hans analyse og vurderingar:

— Vi er inneforstått med at Erna Solberg og Høgre prioriterer EU-medlemskap framfor regjeringssamarbeid.

— Kjem EU-saka på dagsordenen og det blir snakk om å sende ein søknad, så blir det ikkje med denne regjeringa, seier Hareide. Han er også samd i at det høg grad er aktuelt for Regjeringa med ein sjølvmordsparagraf på EU-saka, etter vedtaket på KrF-landsmøtet.