Den djupe splittinga i det største Ap-laget i Sogn og Fjordane har skapt sjokkbølger langt inn i fylkespartiet. Som listetopp for Ap i Luster ville noverande ordførar, Ernst Veum, etter alle solemerke vore sikra ein ny periode i ordførarvervet i Ap-bastionen Luster.

Då Veum vart nekta plassen på listetoppen i eit høgdramatisk nominasjonsmøte sist tirsdag, vurderte han saman med partifellene i Luster og Hafslo arbeidarlag å etablere ei ny liste til haustens kommuneval.

Men i går ettermiddag valde Veum, med 14 års fartstid som ordførar, å godta andreplassen på lista.

Populær, men utan fleirtal

Røystetala ved siste kommuneval tyda på at noverande ordførar Ernst Veum er ein rimeleg populær lokalpolitikar. Men på nominasjonsmøtet tirsdag kom han likevel i mindretal blant sine eigne.

Delegatane frå arbeidarlaga i Gaupne og Jostedal hadde reint fleirtal på nominasjonsmøtet, og stod hardt på at deira ordførarkandidat Inger Marie Evjestad skal stå aleine på toppen av lista. Utsendingane frå Luster og Hafslo arbeidarlag fekk ikkje fleirtalet med seg på eit kompromiss der noverande ordførar Ernst Veum delte topp-plassen med Evjestad.

Dermed forlet ordføraren møtet saman med resten av sine tilhengarar, og bebuda at dei vurderte å stille ei utbrytarliste med tidlegare arbeidarpartifolk framfor haustens val.

— Dette dreier seg om ein bygdestrid. Det er utkant mot sentrum i kommunen, og representantane frå kommunesenteret ville ha ein annan kandidat på topp, seier Veum, som forsikrar om at han ikkje tar saka personleg opp.

— Eg har gjort kjempeval i alle år som ordførar, og hadde reint fleirtal sist eg vart attvald, seier han.

Personleg og geografisk

Luster Arbeidarparti var i fjor registrert med 595 medlemmer, og er blant dei desidert største partilaga på Vestlandet og det klart største i Sogn og Fjordane. Partiet riskerte eit tungt tilbakeslag i fjordfylket dersom bastionen Luster Arbeidarparti hadde blitt splitta.

— Eg har vore medlem i dette partiet i 35 år, og da kan ein ikkje berre gå stad og setje seg opp på ei konkurrerande liste, seier Veum om det valet han tok i går.

Blant dei politiske meiningsfellene hans er det folk som var skuffa over at Veum valde å stille seg bak motstandarane sin kandidat Inger Marie Evjestad. Dei ville ha ei alternativ bygdeliste med Veum på topp som ordførarkandidat.

— Ein ting er kva som er best for partiet. Minst like viktig for oss her i Luster blir no å få slutt på denne bygdestriden. For dette er ikkje noko kjekt, seier Ernst Veum til Bergens Tidende.