Onsdagens kontrakt med Statoil for Snorre A verd 125 millionar kroner føyer seg inn den lange leveranserekkja til Leirvik Module Technology for oljeindustrien. Den Sørco-eigde verksemda har ein rekordhøg ordrereserve på 1,7 milliardar, og er fullt sysselsett dei neste to åra.

— Ettertida har vist at det var ei klok avgjerd å satsa på aluminium, seier administrerande direktør Harald Karlsson.

Leirvik MT sin svenneprøve i lettmetallet aluminium var det 1400 tonn bustadkvarteret til den første Snorre-plattforma, levert til dåverande Saga Petroleum - seinare Statoil - i 1991. Fleire hundre tonn spart vekt i forhold til stål var god økonomi for kunden, og har gjort det enklare å byggja ut plattforma i ettertid.

Spissa metodar

— Då vi la om, samarbeidde vi blant andre med Raufoss Aluminium. Vi testa ut 37 ulike aluminiumprofilar, og har seinare konsentrert oss om fire. I tillegg har vi spissa metodane våre ytterlegare, seier Harald Karlsson.

I sommar leverer Leirvik MT eit tilbygg i aluminium til Snorre A sin bustadmodul, ein kontrakt verd rundt 150 millionar kroner. Kontrakten signert med Statoil onsdag omfattar ein verkstad- og kontormodul i aluminium til samme plattform, med installering sommaren 2008.

Veks i Bergen

Leirvik MT har fått fotfeste også i Houston, Brasil, Kina - og Bergen. På Kokstad blei det sist haust etablert ei offshoreavdeling som i dag disponerer 50 medarbeidarar frå Florø i nord til Karmøy i sør.

— Målet er 100 millionar kroner i omsetnad ved offshoreavdelinga i Bergen neste år. Etableringa gjer det råd for oss å levera meir komplette installasjonar, ved at vi følgjer opp installeringa offshore, seier Harald Karlsson.

OFFSHOREBUSTAD: Lettmetallet aluminium har vore med på å føra Leirvik MT i internasjonal tet i si nisje. Her frå Snorre B-bustadmodulen.