Modellforsøk i bølger og fullskalaforsøk i stille vatn har påvist risiko for inntrykking av vegger og tak i nokre av livbåttypane som er i bruk. Testresultata har ført til at det er tilrådd forbetringar for dei aktuelle livbåttypane. Blant anna skal personell sikrast betre fråstand til båttaket, skriv Oljeindustrien, informasjonsbladet til Oljeindustriens Landsforening (OLF). Det er OLFs livbåtprosjekt som har fått i stand samarbeidet med SINTEF/Marintek, Norsafe og Schat-Harding for å gjera fartøya sikrare.

— Vi skal vera sikre på at tilsette kan evakuerast trygt frå innretningane på sokkelen. Derfor har industrien gjennom OLFs livbåtprosjekt lagt ned eit svært grundig arbeid i å testa dei ulike livbåttypane, seier Knut Thorvaldsen, direktør HMS og Drift i OLF.

— Vi er uroa for situasjonen og usikre på kor gode livbåtløysingane på sokkelen er, uttalte Roy Erling Furre, andre nestleiar og HMS-ansvarleg (helse, miljø, sikkerhet) i fagforbundet SAFE etter at ein testrapport om Norsafe-livbåtar blei offentleggjort i mai i år.