To gonger på eit halvt år blei 18-åringen offer for sykkeltjuveri. Andre gongen greidde ho gjennom eigne undersøkingar å finna fram til både namnet og adressa til tjuven. Likevel la politiet bort saka, og bad jenta henta sykkelen sin sjølv.

— Politiet burde ha teke saka meir på alvor. Sykkelen er eit nødvendig framkomstmiddel for meg som elev på vidaregåande, seier Torill Solstrand til avisa Sunnhordland.

Lensmann Reidar Færestrand orsakar overfor Sunnhordland politiets handlemåte i denne saka, og seier at ho burde vore ordna på ein mykje betre måte. Viss politiet veit kvar ein stolen ting er, er dei pliktige til å ta beslag i tingen og levera han tilbake til rett eigar, understrekar han.

Torill Solstrand kom ved eit tilfelle over den stolne sykkelen sin. På veg heim frå skulen blei ho tilsnakka av ein mann i 30-åra som leidde sykkelen hennar. Torill opplevde møtet med sykkeltjuven som skremmande, men bestemte seg for å slå av ein prat med mannen for å finna ut kva han heitte og kvar han budde.

Taktikken lukkast, men politiet nekta å fullføra han. Ho fekk i staden brev frå Stord lensmannskontor om at saka var lagt bort grunna for få opplysningar. Skulejenta fekk hjelp av foreldra til å henta sykkelen sin.