Konkurransen om å koma inn på profesjonsstudiet i psykologi er stor. 16 søkjarar på Universitetet i Bergen (UiB) hadde snittkarakteren 2,17 frå grunnfaget. Av desse kom 15 inn, medan Nøtterøy-jenta Hedvig Svendsrud blei den einaste som ikkje kom inn.

— Eg blei kjempesint og lei meg. Eg synest det er så innmari urettferdig å avgjera noko så viktig ved loddtrekning. Det er ein dårleg måte å knusa draumane til folk på, meiner ho.

24 år gamle Svendsrud synest at universiteta både i Oslo og Trondheim har betre løysingar på opptak av studentar med same karakter. I Oslo ser dei på ex.phil.-karakteren før dei går til loddtrekning.

I Trondheim tek dei alder og ex.phil. i betraktning før loddtrekning.

Urettferdig behandling

— Eg meiner dette er urettferdig og dårleg behandling av studentar som verkeleg jobbar hardt for å koma inn på profesjonsstudiet. Det er veldig feil løysing å bruka loddtrekning. Hadde det vore andre kriterie som gav utslaget ville eg følt meg betre behandla, fortel Svendsrud. Psykolog-aspiranten Svendsrud har tatt grunnfag i psykologi, og har forbetra karakteren fire gonger. Ho vart veldig glad då ho i vår klarte å forbetra karakteren, og trudde at ho då ville koma inn.

No fryktar ho at ho aldri vil koma inn på psykologstudiet, som lenge har vore hennes karrierevalg. Eit nytt karaktersystem trer nemleg i kraft neste år, noko som fell dårleg ut for ho.

— No synest eg det er vanskeleg å finna motivasjon til å forbetra karakteren nok ein gong. Det er rart å forhalda seg til at eg er den einaste som ikkje kom inn med snittkarakteren 2,17, fortel ei fortvila Svendsrud.

Hennes einaste håp no er at nokon seier nei til studieplassen, men ho ser på den sjansen som liten. 24-åringen vil no ta opp igjen ein av komponentane som tel i psykologiopptaket.

Forsvarleg med loddtrekning

Opptaksansvarleg ved Det psykologiske fakultet, Egil Kristensen, fortel at dei ser loddtrekning som den beste løysinga for å skilja søkjarar som står likt. Grunnen til at dei ikkje tar ex.phil. i betraktning er at studentane ikkje har høve til å forbetra karakteren på ein bestått eksamen i ex.phil.. UiB meiner Trondheim og Oslo tolkar reglane feil når dei let ex.phil. skilja ellers like søkjarar. I Bergen har dei hatt som praksis å la datamaskina setja studentar som står likt opp i tilfeldig rekkjefølgje.

— I det store og det heile er det forsvarleg med loddtrekning. Det er like rettferdig som noko anna alternativ. Men eg har stor forståing for at enkeltpersonar kan føla seg urettvist behandla. Strukturelt sett er det ikkje eit problem, meiner Egil Kristensen.

Torstein Fjeldet Lunde, leiar av Norsk Studentunion i Bergen, meiner derimot at opptakskriteria bør takast opp til prinsippiell diskusjon.

— Loddtrekning er berre bingo, det bør liggja akademiske kriterie til grunn for opptak. Vi meiner ein bør vurdera å vektleggja alder og vekttal frå andre fag. Med loddtrekning kan studentane risikera å falla utanfor år etter år, meiner studentleiaren.

Opptakssystemet til psykologi vil bli endra i samband med omlegginga av karaktersystemet. Det er ikkje klart om endringa vil koma allereie til vårsemesteret, men skal i alle tilfelle vera på plass hausten 2003.

Profesjonsstudiet i psykologi i Bergen tar inn 36 studentar kvart semester. Dette talet er fastsatt av departementet, og kan ikkje endrast. Psykologi er eit av dei vanskelagste studia å koma inn på. Snittkarakter som har vore nødvendig for å koma inn har vore mellom 2,17 og 2,23 dei siste åra.

UFLAKS: Hedvig Svendsrud frå Nøtterøy har lenge sikta seg inn mot profesjonsstudiet i psykologi. No har uflaks i loddtrekninga hindra ho å realisera draumen på Universitetet i Bergen.
FOTO: ROBERT BRÅTHEN