— Det er kjempeflott å få stadfesta at vegen skal sikrast. Eg såg bort på staden der eg vart truffe i dag. Arbeidet for rassikring har teke lang tid, og skulle helst ha vore ferdig før eg vart truffe for min del. No håpar eg berre at det ikkje skjer noko meir her, før det vert tunnel, seier Jan Roger Klakegg.

Måtte amputere

Fem dagar før julaftan i 2003 køyrde Jan Roger Klakegg og ein kollega på jobb. Dei køyrde langs den svært rasutsette riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden, då steinar byrja å losne frå fjellsida.

Ein av dei største trefte beina til Jan Roger. Hadde det ikkje vore for at dei klarte å avgrense blodtapet ved å knytte ei skjorte rundt beinet, kunne naturen lett ha kravd nok eit liv på vegen denne morgonen.

I staden slapp den då 19 år gamle elektrikarlærlingen med å amputere begge føtene. Ein over kneet, den andre under.

— Eg har vore tilbake på ulykkesstaden, men eg unngår det om eg kan. Eg kikker opp i fjellsida, for ein veit aldri når det kan kome ras, seier Jan Roger.

- Køyrer med ope vindauge

Han er ikkje åleine om å ha vore på vakt.

— Nokon køyrer med vindauga opne, spesielt om vinteren, slik at ein køyrer buldringa om det kjem noko. Dei som køyrer her ofte og veit om farane, passar seg, seier Jan Roger.

Han måtte gi opp elektrikarfaget etter ulukka, og er no student i Bergen. Derfor har han ikkje hatt moglegheit til å vere så aktiv i arbeidet for å få tunnel i Kjøsnesfjorden.

— Det kan vi takke Ola Søgnesand og komiteen for. Eg har fulgt med på arbeidet deira, og i dag har vi fått veldig gode nyheiter. I dag har det vore utruleg god stemning i Jølster, seier Jan Roger Klakegg.

- Ein av dei største dagane

Ola Søgnesand bestilte kake dekorert med den planlagde tunnelen allereie i går. Då løyvingane i statsbudsjettet var klare inviterte han til open kakefest langs riksveg 5.

— Dette er ein av dei største dagane i mitt liv. Eg har vore så spent på korleis dette skulle gå at eg nesten ikkje kunne få sagt det, sa Ola Søgnesand i aksjonskomiteen for rassikring av riksveg 5, til NRK Sogn og Fjordane.

Statssekretær Steinulf Tungesvik i Samferdsledepartementet kom køyrande i bil til Kjøsnesfjorden for sjølv å fortelje om pengane.

— Det at statssekretæren kom sjølv for å fortelje den glade bodskapen er berre heilt utruleg. Eg kan ikkje få takka han og statsråden nok for at dei har funne pengar slik at vi kjem i gang i 2007, minst to eller kanskje tre år tidlegare enn det elles ville vore mogeleg å få til rassikring, seier Ola Søgnesand til NRK Sogn og Fjordane.

FÅR TUNNEL: Etter mange års kamp, skal rasutsette riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden i tunnel.
Oddleiv Apneseth
MISTET BEINA: Jan Roger Klakegg (22) mistet beina etter å blitt truffe av ras. No kan han gå med proteser. Her med Elin Holen som også har proteser.
TOR HØVIK
STEINEN SOM TRAFF: 19. desember 2003 gjekk det gale. Jan Roger Klakegg (22) måtte amputere begge beina etter at han vart truffe av dette raset i Kjøsnesfjorden.
Per Marifjæren