Mismotet breier seg i smelteverkshallane. Støvet ligg tommetjukt på betonggolvet. Før la smelteverksarbeidarane si ære i å halda det ryddig.

Kommunalministeren si utsegn om at den tida er forbi då industrien kunne henta pengar i statskassa, har falle hardingane tungt for brystet. Tida ser ikkje ut til å vera forbi når det gjeld å subsidiera private barnehagar og arbeidsreiser for dei som produserer lite eller ingenting i storbyane.

— Vanskeleg situasjon

— Folk her inne kjem i ein vanskeleg situasjon. Mange er i femtiåra og vil få vanskar med å skaffa seg anna arbeid. Og dei har høg husleige å betala på, seier Kåre Sjønnesen (82), til Bergens Tidende.

Han hadde kort fartstid på Odda Smelteverk i ungdommen, men jobba på Zinken (no Outokumpu) i 37 år før han vart pensjonist i 1985.

Ungdommen ser meir optimistisk på Odda si framtid. Arve Lynghamar frå Røldal meiner Odda bør halda på den hundreårige tradisjonen som industrisamfunn, medan Kjetil Bratteteig gjerne helsar nye typar arbeidsplassar velkomen. Øystein Sekse Øie presiserer at andre industribedrifter i bygda, som Zinken og TTI, går godt.

Dei tre er alle russ av året, og avviser at det er blitt så vanskeleg å skaffa seg sommarjobb i Odda at det kvalifiserer til russeknute. Kjetil Bratteteig har alt sikra seg avløysarjobb på Smelteverket.

Rimeleg tysk cyanamid

Steinar Westerlund ved Odda Smelteverk opplyser til Bergens Tidende at dei to eldste fabrikkane på Smelteverket, «Karbiden» og «Cyanamiden», begge nesten hundre år gamle, vert tekne ut av drift tidleg i juni. Meininga var at dei to nyaste fabrikkane, «Dicy»-fabrikken og «Cy50»-fabrikken skulle halda fram. No ser det ut til å bli to års stans med Cy50-produksjonen også. Bakgrunnen er ein avtale med ein tysk leverandør av rimeleg cyanamid til Dicy-produksjonen.

Av dei vel 200 tilsette ved Odda Smelteverk, er 61 tekne ut til å bemanna Dicy-fabrikken. Dessutan får fire lærlingar jobba ut læretida. Når Cy50-produksjonen kjem i gang att, blir det jobb for fem mann til, ein på kvart skift.

Ny fabrikk til 150 mill.

Med 100 millionar kroner frå Staten og 50 millionar frå den amerikanske eigaren, kunne det byggjast ein ny PCC-fabrikk med rundt 40 arbeidsplassar. Samstundes vert verksemda meir lønsam og mindre ureinande, hevdar bedriftsplanleggjarane.

I dag blir restproduktet «filterkake» dumpa i Sørfjorden. I ein PCC fabrikk kan filterkaka bli til eit stoff som gjer papir kvitt og glatt, brukbart til å skriva og prenta på. Samstundes blir det produsert CO2 til dicy og cy50- produksjonen, slik at kalkbrenninga øvst på smelteverksområdet kan leggast ned.

Inge Harald Seljestad (31) styrer kalkbrenninga i dag. Han er femte generasjon industriarbeidar på Odda Smelteverk, faren, bestefaren, oldefaren og tippoldefaren har alle jobba her før han.

— Eg er heldig og får jobb vidare, men er ser ikkje på det som ein siger. Eg føler med alle som no misser jobben. Mismotet breier seg. Folk veit at kvar einaste dag på jobb, er eit steg nærare slutten, seier Seljestad til Bergens Tidende.