Klokka er halv fire natt til laurdag. Staden er Røldalsvegen i Odda. Ein odding i trettiårene er ikkje edru.

— Ja, det var då karen fekk sterkabygo, som vi seier her inne. Han heiv to fulle bosspann midt i ut i Røldalsvegen. For det fekk han 5000 kroner i bot. Det vedtok han utan å mukka og betalte dagen etter, fortel politiførstebetjent Torleif Fresvik ved Odda politistasjon til bt.no.