I aust har sola så vidt teke til å farge skyer. Nordavinden leikar kring skjær og holmar, lagar krusingar, kvervlar med vatn. Oddgeir Eide løyser fortøyingane på 37 fot store «Marlin» ved kaia på Kolgrov i Ytre Solund. Første gong han gjorde det, var han 33. No er han 58. Det er på tide å seie stopp.

– Det har vore gonger eg ikkje skulle gått, ja. Men i dag blir det fint, forsikrar han.

Som natt og dag

Ei heimehjelp frå Solund kommune er einaste passasjer frå Kolgrov denne morgonen. I denne båtruta er sommar og vinter som dag og natt. Om somrane fyller feriegjester salongen. Når sola blenkjer bakkane blir livet yrande i øyriket mot storhavet. Det har vore sommarmånader med 400 betalande passasjerar.

Når hauststormane kjem, dreg sommargjestene for gardinene i det som ein gong var fiskarheimar. Til bakkane mellom berga grønkast, er trafikkgrunnlaget eit dusin fastbuande, ei og anna heimehjelpar, ender og då nokre montørar frå kraftlaget, ein sjeldan gong ein tilsett eller to frå Kystverket.

Trafikken vinterstid endra seg mykje etter at fyret på Utvær blei avbemanna. Folka på fyret førte med seg aktivitet.

– Ikkje minst desember var travel. Då skulle Kystverket bruke opp budsjettet, greidde det ikkje det blei det mindre pengar seinare. I julemånaden var det køyring heile tida, ler Oddgeir Eide.

Straum i Straumsfjorden

Om han er så lei seg for at trafikken har minka vinterstid, er ei anna sak.

– I dagslyset ser du alt som ligg på rek i sjøen. Det gjer du ikkje i mørkret, men det er der då ôg. Drivgodset har vore største skrekken. Mørkekøyringa har vore hard, det har vore eit psykisk press.

Gjennom stille, smale små sund har Oddgeir Eide manøvrert «Marlin» ut i Straumsfjorden. Her er det opne havet i så vel nord som sør. I grålysinga mot vest gjev nokre øyar, holmar og skjær litt ly, om ikkje anna så mentalt.

Sjøstykket ber namnet med rette. Når straumen går ein retning, og vinden står ein annan, blir det grapse her. Slik også i dag. Sjølv om vinden knappast når kuling styrke, går bårene vel så meteren høge. Kvite toppar kjem som snøras inn frå sida, vaskar over styrhuset.

Oddgeir Eide legg hendene litt fastare om roret, beinstillingen blir breiare:

– Dette er verste stykket. Straumsfjorden kan vere stygg.

Førast på vest

Nord om leia vår, dukkar Indrevær opp, med Husøy litt lenger sør. Ingen av dei to øyane har stopp i dag. På Indrevær er det framleis to fastbuande.

Husøy er fråflytta. Øya var frå gammalt av eit sentrum, med kyrkje og fiskemottak. Om Husøy blir det fortalt at det var så skrint og steinete, at dei måtte frakte jord frå andre øyar og mindre holmar før kyrkjegarden kunne brukast til jordfesting. Soknet heiter framleis Husøy. Men kyrkja står i Straumen, nord om Kolgrov. Flyttinga skjedde ikkje utan kamp.

– Eg hugsar far fortalde om ein kar. Han gav beskjed om at før han ville liggje i Straumen, skulle han førast på vest.

Oddgeir Eide er eit oppkome av historier. Han har sett kvart eit skjer og kjenner kvar ei sjel i landet så langt vest at du ser skinet frå oljeplattformene.

På Notøy er det åtte fastbuande. Her har det til og med vore tilflytting siste åra. Kommunens heimehjelp skal av, det er ikkje ungdommar som bur på desse øyane. Eide bukserer båten til kai, fortel at vinden kan ta hardt og at det ligg eit rikt tal luer etter han her. Set kursen mot vestlegaste punktet i landet.

Utanpå kyrkja

Utvær. Været lengst ut. Her slipte vikingane sverda sine før dei drog i vesterveg. Brynesteinen ligg i Likberget.

Segna fortel at ein av båtane St. Sunniva rømde med frå Irland, stranda her. Frå 1320 er det dokumentert at Utvær hadde kapell. Så seint som i mellomkrigstida var det yrande liv. Eit rikt fiske gav mat i magen då svolten reid innlandsbygdene.

– Ein gong eg gjekk med presten i stupmørket, spurde han meg korleis eg fann fram. Eg sa som sant var at eg brukte kyrkja meir utanpå enn inni. Flaumlyset ved kyrkja i Straumen har hjelpt meg meir enn ein gong. Eg har mine eigne refleksar som har sett seg i meg. Det er ikkje alltid det er råd å gå hovudleia, forklarar skipperen.

Vi passerer Begla og har fyret rett framfor. Under krigen var området sentralt i motstandskampen. Mang ein tur gjekk frå øyane her og over til Storbritannia. Tilbake kom våpen. Shetlandsgjengen sette i land store laster i Solund under krigen. I ei ur på Begla fann tyskarane våpen og store mengder anna utstyr. Fire lokale kontaktar blei arresterte, og sende i krigsfangenskap. Utruleg nok kom alle fire levande heim då krigen var slutt.

Fuglar som flyg

Ein liten holme ber namnet Dansaren.

– Fuglane set seg på visse holmar, Dansaren er alltid full. Når du går forbi i mørkret lettar fuglane, fortel Eide.

Fuglar som flyg, kan også vere eit merke å sigle etter.

På kaia ventar Eva Austad Klausen og Dagfinn Klausen. Dei vaks begge opp på Utvær. Som årets siste sommargjester har dei stengt for vinteren. Pensjonistekteparet går i vinteropplag i Bergen.

– Sjølvsagt har vi vore litt att og fram, men stort sett har vi vore her over sju månader, fortel Eva, dotter av ein tidlegare fyrmeister. Også ektemannen Dagfinn vaks opp her. Banda til været lengst ut er sterke.

Ei anna som likte seg, var dama frå Miami Oddgeir Eide skyssa for nokre år sidan. I flyet over Atlanteren hadde ho lese om Utvær i eit magasin. På Flesland leigde ho og mannen bil, det bar strake vegen til Kolgrov. Då dei steig i land på Utvær var det dekka til krabbelag i ei bu.

– Eg ser ho føre meg enno, kledd i kort skjørt. Det var så vidt vi fekk ho med inn att.

Svartbaken et blåbær

Begleræva, eit område med mange små holmar og skjær, vanskelege å sjå på flo sjø. Dei visste å lage namn før.

På ein holme her samlar skarven seg. Han har blitt så van med motorduren frå «Marlin» at han ikkje gidd flytte seg. Men det er færre skarv no enn før. På dei 25 åra i båtrute, har skysskaren over år registrert det forskarane først nyleg har slått alarm om. Sjøfuglane slit.

– Når svartbaken et blåbær, då er det noko som ikkje er normalt, seier Eide.

Han har ikkje den heilt store trua på dagens tiltak for å bøte på skaden. Før var fiskemottaka langs kysten matfat for sjøfuglane.

– Då dei la ned mottaket på Husøy, sat sjøfuglane og venta i årevis etterpå. På Indrevær er det ei øy som ikkje er freda. Det er også staden der det samlar seg desidert mest fugl.

Utan landkjenning

Tilbake i Kolgrov fortel Oddgeir Eide om dei strie taka. Som den gongen han blei overraska av ein veldig snøkave, på veg inn med fyrvaktaren. Snøfillene sette radaren ut av spel. Landkjenninga forsvann straks han gjekk frå Utvær. Ein gong hadde han land i syne før kaia på Kolgrov dukka opp. Då hadde det snøa så mykje at bussen blei innstilt. Fyrvaktaren måtte skyssast ut att.

– Det vanskelegaste har vore å avgjere om eg skulle gå eller ikkje. Når du seier nei, får du gjerne høyre at du har no gått i verre vêr før. Det har vore eit press. Eg veit eg har gått turar eg ikkje burde.

Det har vore nokre tørnar, både for han og kona. Gunnfrid Eide legg ikkje skjul på at ho har engsta seg for mannen, når stormen har hylt kring novene:

– Men det har vore den fordelen at eg har ikkje trengt å uroe meg lenge. Eg har ikkje gått dagevis. Og så har han vore flink til å ringje.

No mønstrar Oddgeir Eide på i rolegare farvatn, ferja mellom Daløy og Haldorsneset. Litt abstinens reknar han med.

– Etter 25 år sit det ein rytme i kroppen. Det vil nok ta ei tid før den går ut.

Og sjølv om han hugsar turane i storm best, har dagane i stille vore flest.

– Og livet på sjøen, ingen ting er som det, slår han fast.

Øystein Torheim
Øystein Torheim
Øystein Torheim
Øystein Torheim
Øystein Torheim
Øystein Torheim