— Jegerane kan berre pakke saman børsene sine og roe seg ned. Det blir ikkje noko bjørnejakt dei første vekene, seier Kurt Oddekalv til Bergens Tidende.

Ankefristen er tre veker, og Miljøvernforbundet ber om oppsettande verknad. Dermed kan bjørnejakta bli utsett til departementet har handsama anken.

— Vinn vi ikkje fram i departementet, tar vi saka vidare til namsmannen, seier Kurt Oddekalv.

«Ugyldig»

Oddekalv og Norges Miljøvernforbund meiner vedtaket om fellingsløyve er ugyldig.

— Fellingsløyve skal gis når talet på skadde og drepne dyr er betydeleg. Den føresetnaden er broten i denne saka. Det er dokumentert at bjørnen har drepe eitt eller to dyr. Resten er berre basert på sannsynligheitsberekningar. Og det er ikkje nok til å gi fellingsløyve, meiner vi. Problemet er at Fylkesmannens miljøavdeling ikkje har ressursar til sjølv å undersøke dette rovdyrfagleg, seier Oddekalv. - Det er den gamle leksa, føyer han til. - Når ein sau er rovdyrdrept, melder dei på dei nitten andre. Årsaka er at bøndene får betre betalt for rovdyrdrepen sau enn dei får for sau levert til slakteriet.

Gjeld for to veker

Fylkesmannens fellingsløyve gjeld for to veker, og omfattar Luster kommune nord for riksveg 55 samt Fjærland i Sogndal kommune.

Observasjonar og spor tyder på at bjørnen har vore så langt vest som Gaular kommune. Så seint som tysdag denne veka fekk Fjærland sauesankelag avslag på sin søknad om å få felle den same bjørnen.

WWW kritisk

Berre to dagar seinare tok miljøvernsjef Nils Erling Yndesdal hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane imot ein ny søknad, og denne gongen var svaret ja.

— Kvifor blir det gjeve fellingsløyve no?

  • Grunnen er at denne bjørnen ikkje har noko klar retning ut av vårt område, og at dei dokumenterte tapa av sau er blitt såpass store, seier Yndesdal, som erkjenner at det vanskeleg å vurdere desse sakene.

— Det er ei avveging mellom det å ha ein kjernebestand av bjørn i Noreg og den skaden eit streifdyr som dette gjer på husdyr. Vår region skal jo ikkje ha bjørn som gjer slik skade som dette.

Stortinget har plassert Sogn og Fjordane i region 1, der det ikkje skal haldast ein ynglande bestand av rovdyr som ulv, bjørn, gaupe eller jerv. Forvaltingsplanen seier samtidig at streifdyr av bjørn og ulv skal aksepterast, men at skadefellingsløyve er aktuelt når streifdyra gjer store skader.

I går uttala Verdas Villmarksfond (WWF) seg kritisk til fellingsløyvet, sjølv om organisasjonen samtidig ser at fellingsløyvet er i tråd med den offisielle norske rovdyrpolitikken.

Nye spor, ingen kadaver

På same tid som Skjolden sankelag organiserte det første jaktlaget torsdag, gjekk andre sauebønder i fjellet der bjørnen har herja for å sjå til sauene sine.

— Så langt i dag er det ikkje funne nye sauekadaver, fortel fjelloppsynsmann i Luster, Einar Fortun, til Bergens Tidende. Så seint som onsdag ettermiddag fann han dei to siste sauekadavera i Bakkedalen i Jostedal. I går såg Fortun spor av det som kan vere bjørnen i ei fjellside nær der sauekadavera vart funne onsdag.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane har pågangen vore stor frå folk i heile Sogn og Fjordane som gjerne vil delta på bjørnejakta.

BJØRNESPOR: Dette sporet som er 15,5 cm breitt og 21 cm langt blei funnen ved to sauekadavra på Mundalsfjellstølen i byrjinga av juni. FOTO: SYNNØVE FORTUN