— Det er litt fortærande at vi skal koma i ein slik situasjon at det er meir lønsamt å la vera å produsera sink, enn å gjera det, seier administrerande direktør Stein A. Ytterdahl til Bergens Tidende.

På den andre sida er det greitt å kunne frigjera elektrisk kraft til andre som treng den sårt.

— Marknaden er i dag villig til å betala 80 øre for ein kilowatt straum. Med slike prisar kan ikkje sinken framstillast lønsamt, seier Ytterdahl.

— Men Outokumpu Norzink får vel kjøpa straumen billegare?

— Ja, vi kjøper 70 prosent på fast kontrakt til rimeleg pris, og resten på spotmarknaden. Også her har vi for tida lågare pris enn marknadsprisen på 80 øre.

— Poenget er altså å kjøpa inn rimeleg straum etter inngåtte avtalar, og selja til marknadspris?

— Eller vi kan la vera å ta ut den straumen vi har kontrakt på. Det blir i prinsippet det same. I alle tilfelle er det marknadsprisen på 80 øre som må leggast til grunn ved vurdering av lønsemda, seier Ytterdahl.

Han understrekar at reduksjonen i produksjonen er relativt liten, 20 prosent i fire veker. Ingen blir permittert, men enkelte tilsette kan i ein periode bli sett til andre jobbar enn dei har til vanleg.