Triumfen i fylkestevlinga vart krona med premieutdeling, ros og heider på Bryggen Museum i Bergen, i samband med fylkeskulturkonferansen. Fylkesjuryen har lagt vekt på at Odda er ein kommune i sterk omstilling med nedlegging av tradisjonelle industriarbeidsplassar, negativ folketalsutvikling og dermed store problem med å halda oppe dei generelle tenestetilboda.

Nett i denne situasjonen vel dei å løfta fram kultursatsinga som motvekt til negative tendensar og som kveik i omstillingsprosessen.

Odda brukar seks prosent av driftsbudsjettet sitt til kulturføremål, og ser også på kultursatsinga som eit middel til å styrka Hardangerbyen som regionsenter.

Heidersprisen er oppretta av Norsk Kulturforum (NOKU) for å fokusere på kommunane sitt kulturengasjement og deira innsats for det lokale kulturlivet. Ein nasjonal jury vurderer fylkeskandidatane og nominerer tre kommunar.

Desse vil få presentere seg i Oslo i januar 2003 der Noregs Kulturkommune 2003 vil bli kåra.

Blant plusspoenga for Odda held fylkesjuryen fram det svært godt fungerande biblioteket, gode og varierte idrettsanlegg, moderne kino, godt støtteapparat for eit oppegåande lagsliv og stort engasjement for nasjonale institusjonar som Norsk Vasskraft— og Industristadmuseum i Tyssedal og Røldal stavkyrkje.

Odda har store ambisjonar for vidare satsing mellom anna på den kulturelle skulesekken og etablering av eit regionalt kunstnarsentrum. I rådmannen sitt framlegg vil kulturen komma styrkt ut medan svært mykje anna må tola sparekniven framover, seier juryen.

Etter ein slik attest kan det bli vanskeleg å avslå søknaden om støtte til Harding Puls, slik Levekårskomiteen er tilrådd til sitt neste møte.

I Hordaland fylke sin jury sat fylkesordførar Gisle Handeland, Albrigt Sangolt frå KS Hordaland og Stein Haugen – leiar i NOKU Hordaland

Dei ser på Odda kommune som ei positiv «kjerringa mot straumen» og dermed ein svært verdig kandidat til heidersprisen Noregs Kulturkommune 2003.