• Det er nett som å ha vore med i ein film. Heilt uverkeleg. Eg trudde ikkje det var sant, at slikt kunne henda meg.

18-åringen som natt til 24. september i fjor skamferte ei 17 år gamal jente og så vidt bomma på dørvakta med to haglskot ved Nye Hjørna Diskotek i Odda, vakna opp til ein brutal røyndom då det gjekk opp for han kva han hadde gjort. Tiltalte gav uttrykk for anger og vilje til å gjera opp for seg, då straffesaka mot han opna i Odda i går.

Han har tenkt mykje på jenta som vart skadd. Det var veldig, veldig kritisk. Han ville gjerne møta henne og be om orsaking, sa han. Men kontakten har til no berre gått mellom foreldra.

— Det er heilt tragisk, det som skjedde. Eg fekk ei rar kjensle. Det går nesten ikkje an å forklara. Eg hadde lyst til å legga meg rett ned. Det var krise. Heilt sprøtt, sa 18-åringen i retten.

- Hugsar ikkje

Han sa seg ikkje straffskuldig i dei to drapsforsøka. Han hugsar praktisk talt ingenting. Derimot innrømte han straffskuld for brot på våpenlova.

Der er ingen tvil om kven som skaut med hagla i Gågata i Odda sentrum denne fine haustkvelden. Det er aktor Benedicte Hordnes og forsvarar Gisle Didriksen samde om.

— Det objektive er greitt. Det er den subjektive sida som blir retten si utfordring, sa Didriksen.

Aktor svara på denne strategien ved å gå grundig inn på tiltalte sine tidlegare røynsler med alkohol. Dersom han burde vera klar over at han kunne missa kontrollen i fylla, fritek det ikkje for straff.

To vorspiel

I løpet av første dag i retten kom det fram at 18-åringen hadde vore på to vorspiel før han kom til diskoteket. Begge stader hadde han drukke mykje alkohol. Han slapp inn på diskoteket, men vart etter kort tid geleida ut. Etter «ei runde for å bli meir edru» slapp han likevel ikkje inn att. Så gjekk han heim, gav mora ein godnattklem, og la seg. Han var i si eiga seng då faren sa god natt. Mindre enn ein halvtime seinare fell skota nede i sentrum. Han har stått opp, tatt med hagla og 13 patroner, og lista seg ut.

Eit skot trefte ei 17-årig jente som snakka i mobiltelefonen utanfor diskoteket. Ho heldt truleg telefonen med begge nevane. Hagla trefte hendene og kjeven. Ho har gjennomgått fleire operasjonar og skal opererast meir. Difor er ikkje invaliditetsprosenten fastsett, men det er ingen tvil om at ho får varige mein, sa aktor.

Det andre skotet gjekk så vidt klar ein av vaktene ved diskoteket.

Fleire vakter vitna i går. Dei gav klart uttrykk for at dei var målet. Ein av vaktene hevda at tiltalte lenge har hatt i sinne å «ta» dei. Meddommar Sjur Sekse ville vita om vaktene la seg spesielt etter tiltalte, og kvifor dei først sleppte han inn, og like etterpå kasta han ut att.

— Kanskje han greidde å halda maska i døra, låt svaret.

Tiltalen lyder på to overlagte drapsforsøk. Aktor si oppgåve er å overtyda retten om at skota fall «etter forutgående overveielse».