Endeleg er idedugnaden i gang. Endeleg har oddingane ei kjensle av at dei får vera med på å påverka si eiga framtid, bruken av den enorme smelteverkstomta, utviklinga av Odda-byen.

For ni månader sidan var det slutt for Odda Smelteverk. Full stans på det som ein gong var verdas største smelteverk. Punktum finale for verket anno 1906 som på kort tid omskapte Odda frå å vera turistmetropol til industriby.

Sidan har det vore stille på den 160 mål store tomta. Men i kulissane har det blitt jobba. For nye arbeidsplassar. Somme vil helst ha ny tradisjonell industri til Odda, andre meiner den tid er forbi, at no må det handla om å skapa mangfald, at det må handla om småindustri og om kultur— og kunnskapsbasert næringsutvikling.

Når nokon har snakka om at delar av området bør vernast, har andre automatisk fått piggane ut og meint det ikkje kan sameinast med skaping av arbeidsplassar. Oddingar flest lurte på når dei skulle få vera med i diskusjonen.

Om lag der stod saka sist torsdag då det var innkalla til folkemøte om smelteverkstomta på kulturhuset Meieriet. Dit strøymde oddingane, for å sei si meining og for å høyra korleis arkitektar og samfunnsforskarar knytt til Institutt for urbanisme ved Arkitekthøgskulen i Oslo ser føre seg Odda i år 2020.

Scenario 2020: Business as usual

Store delar av smelteverkstomta ligg brakk, blir brukt til parkering. Lidl har etablert seg her og Odda har fått stort nytt kjøpesenter, og nokre nye bilforre t ningar. Folketalet har minka med 10 prosent. Kommunen har inga aktiv rolle i byutviklinga. Det er for all del ikkje slik det må enda Det er alle samde om.

— Det er heilt avgjerande at kommunen tek eit grep om heilskapen. Bystyret har lagt ned bygge- og delingsforbod på tomta i to år for å hindra at området blir splitta opp og seld bit for bit, seier Øystein Strømme Rasmussen. Han leiar arbeidet med reguleringsplanen som no skal lagast for smelteverkstomta. Dette området er like stort som dagens Odda sentrum. Oddingane vil at det gamle fabrikkområdet skal bli ein del av sentrum.

Bustyraren for Odda Smelteverk, advokat Steinar Andersen, har nyleg bede kommunen lempa på delingsforbodet for å kunna selja delar av tomta. Det er same mannen som seier han ikkje kan lova at den planlagde spelestaden for Bikubesong står til disposisjon for Det Norske Teatret 1. mai.

— Eg vel å tru at kommunen meinte alvor då delingsforbodet blei vedteke. Eg reknar med politikarane står fast på det, seier Strømme Rasmussen.

— Bustyret vil selja strategisk viktige delar av tomta. Helst vil kommunen kjøpa heile smelteverksområdet, seier han.

Scenario 2020: Reindustrialiserte Odda

Odda er ein moderne industriby med tradisjonell og ny industri. Byen er blitt senter for eksklusiv regionbasert n æ ringsmiddelproduksjon. Her er fabrikk for produksjon av eplebrennevin og m i neralvanntapperi som eksporterer vatn, storskala fiskeoppdrett i fjellhallar og vidareforedling av fisk. Eit større a v fallsanlegg og ein fabrikk for produksjon av brenselceller er i drift. Folketalet er stabilt. Odda BI tilbyr spesialutdanning innan merkevarebygging av regionalt baserte matvarer. Her finst også utda n ningstilbod i prosessfag.

Hardingane likte særleg forslaget om eplebrennevinsfabrikk.

— Vi må ikkje gløyma at Odda framleis er eit industrisamfunn. Dei store verksemdene vi har att er solide, jobben vår er å erstatta dei vel 200 arbeidsplassane som blei borte med smelteverket. Og det er ei kjempeutfordring. Vi må satsa allsidig og tenkja utradisjonelt og stort, seier Terje Kolbotn, gruppeleiaren for RV i Odda bystyre.

— Det er ikkje snakk om at vi skal satsa på industri eller kultur. Vi må satsa på begge delar, og blant anna på småindustri basert på den industrikulturen vi har. Eg ønskjer at smelteverkstomta skal bli ein smeltedigel der industri- og kulturtradisjonar smeltar saman med ny kunnskap. Der den gamle industrikunnskapen som Odda sit på kjem til nytte på ein ny og annan måte. Gjerne i samarbeid med kunstnarar.

Scenario 2020: Park for tekniske kulturminne

Odda og Tyssedal står på verdsarvlista til Unesco. Riksantikvaren har flytta til Odda. Kvar industriepoke er synleggjort i byen, industribygningane er opplyste utvendig på kveldstid. Taubanen frå hamna er restaurert. I bygningane er det galleri. Nasjonalmuseet har eiga avd e ling for industriell kunst i Odda. UiB ti l byr utdanning i industrielle kulturmi n ner. Årleg internasjonal konferanse i Odda om vern av tekniske kulturminner.

Frå før har oddingane føreslege at NVE bør flytta til Odda.

— Møtet sist torsdag gav oss eit løft, innspela frå Oslo sette ting i samanheng og gav oss tru på at det verkeleg er mogeleg å gjera smelteverkstomta om til ein svær kulturfabrikk, seier Randi Bårtvedt, direktør ved Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum i Tyssedal.

— Arkitektane som har laga scenarier for Odda presenterte ting eg og andre alt har tenkt brokkar av. Vi har hatt ein draum, og no har vi fått ny tru på at det går an å realisera denne. Men det krev at alle gode krefter i Odda må jobba seg saman, og vi må få storsamfunnet til å forstå at Odda er spesiell i Noregshistoria. Odda vil gjerne vera noko viktig for Bergen, Vestlandet og heile landet.

— Vi vil ha Odda tilbake på verdstoppen for fjerde gong. Først var Odda der på grunn av turismen, så på grunn av industrien. På 70-talet var Odda først i verda med miljøtiltak. No kan vi koma i tet fordi vi utviklar byen med utgangspunkt i industrihistoria, seier Bårtvedt.

Scenario 2020: Kulturbyen

Odda er landets fremste kulturby, har fått nytt kulturhus og arrangerer kvart år Vestlandsfestivalen, eit radikalt altern a tiv til Festspela. Universitetet i Bergen har opna Institutt for progressive kultu r uttrykk i Odda. Her er senter for arbe i darkultur, folkehøgskule med estetiske fag og kompetansesenter for sveitserhus. Odda er cruisehamn, har luksushotell og gondolbane opp på Folgefonna. Odda er blitt Slow City. Gondolbane til Bondhusbreen, sa arkitektane. Kunnskapslause oslofolk, tenkte hardingane. Ideen om gondolbane har blitt lansert før, og møtt motbør.

— Odda er ein plass for sterke opplevingar, slår Randi Bårtvedt fast.

— Neste gong ungane mine skal på Metallica-konsert, burde dei kunna kjøpa billett i porten til Smelteverket. Metallica ville passa perfekt i dei gamle industrihallane. Målet vårt må vera å få til ein kjempekonsert på området i løpet av sommaren.

Scenario 2020: Boligbyen

Odda er ein føregangskommune når det gjeld bustader. Her er mange ulike bustadtypar og eit mangfald i bustada r kitektur. Det er ikkje lov å byggja lågare enn tre etasjar. Bustadarkitektur er blitt nisjeturisme. Her er eit laboratorium for utforsking av nye bustader og årleg n a sjonal bustadutstilling. Odda har landets beste offentlege service, satsar på ba r nefamiliar og eldre. Barnlause får gratis befruktingstilbod mot å bli 10 år i ko m munen. Kommunikasjonane er gode. Haukelibanen er bygd.

— Endeleg nokon som ser at Haukelibanen er ein genial ide, tenkte mange som sat i salen.

Før folkemøtet var Gard Folkvord, leiaren i Odda Herreds Arbeiderpari, mellom dei som uttalte frykt for vern av delar av verket. No vil han røykja fredspipe med Bårtvedt & co på Industristadmuseet.

Arbeidarpartilaget hadde nemleg medlemsmøte tysdag i denne veka og vedtok å gå i dialog med museet om korleis få nye verdiskapande verksemder til å etablera seg på smelteverkstomta.

— Odda har større underbalanse i budsjettet enn Bergen. Behovet for nye arbeidsplassar er akutt. Odda må skapa meir. Vi treng verksemder som bidreg til kommunekassa, som kastar av seg og ikkje er avhengige av offentlege tilskot for å overleva, seier Folkvord.

Scenario 2020: Fritidsbyen

Tyssedal står på verdsarvlista til Une s co og er blitt friluftsmuseum. Odda er eit senter for vassaktivitet med basseng ute og inne i fjellhallar, båtliv og skøytebane på Smelteverket der det også er fleire andre idrettsanlegg. Folk kjem hit for å driva risikosport, blant anna klatring i industrivegg. Odda er Golf City, har landets største Grønt-kort-skule. Byen har eit aktivt organisasjonsliv og arra n gerer musikkfestivalar av alle slag.

Det var ikkje berre dei tilreisande som serverte dristige tankar om Odda si framtid sist torsdag. Også frå salen poppa ideane opp. Ein meinte Odda bør byggja fengsel. Ein annan vil slå saman Odda og Kvinnherad til Folgefonn kommune. Og sjølvsagt blei det snakka om pengar. At alt kostar. Og at det vil kosta millionar å rusta opp det nye Odda. Kvar skal pengane koma frå?

— I første omgang søkjer vi fylkeskommunen om å få overta konsesjonskraftmidlar til arbeidet. I neste omgang må vi søkja kontakt i alle retningar og invitera storsamfunnet med på dugnaden. Det vil ta mange år å fullføra dette prosjektet, seier Strømme Rasmussen.

— Kva kan de bruka meg til? spurde ei kvinne etter møtet.

— Det fortel mykje om det store engasjementet her inne no, meiner Randi Bårtvedt.

— Folk brenn etter å koma i gong med aktivitetar på området. Vi må opna portane for kunstnarar og andre denne sommaren. Men først kjem Frode Grytten med Bikubesong, seier Terje Kolbotn.

Engasjementet er stort. Ambisjonane er i orden. Men som vanleg er kjempesjansedeltakaren prisgitt både talent, støtteapparat, vêr, føre og flaks for å vinna.

KULTURBYEN: Slik kan tronge Odda få nye store flater å boltra seg på som kulturby. <br/>ILL.: MAGNUS WAAGE, INSTITUTT FOR URBANISME
NEW LOOK: Det gamle smelteverket skal fyllast med nye aktivitetar som har rot i industri-tradisjonen og er tilpassa vår tid.<br/> ILL.: PETER HEMMERSAM, INSTITUTT FOR URBANISME
BOLIGBYEN: Bustadarkitektur som nisjeturisme. Odda som laboratorium for bustadutvik-ling.<br/> ILL.: MAGNUS WAAGE, INSTITUTT FOR URBANISME