— Turen tek 1 time og 20 minuttar, seier Eilev Instanes, som er dagleg leiar i Hardangervegen AS, selskapet som har eitt føremål: å kjempa fram Jondalstunnelen.

— I dag tek den same turen over tre timar. I Bergen rekk du ikkje meir enn å snu om du skal koma heimatt innan kvelden.

— Og vi treng ikkje eingong bru over fjorden for å halvera reisetida. Ferja Belsnes-Ljones tek 10 minuttar. Derfrå køyrer vi på ny og rask veg til Strandebarm, gjennom tunnel til Eikelandsosen. Vidare ber det over Samnangerfjorden og inn på vegen til Bergen ved Kalandseid eller Søfteland.

Som vi ser; ved Eikelandsosen møtest visjonane til Hardangervegen AS med dei visjonane Øyvind Halleraker har for sambandet Stord-Bergen.

Visjonar i KU

Denne visjonen vart først boren fram av Jondal-ordførar John Skogseth, som innsåg at den planlagde Hesviktunnelen aldri kunne verta noko anna ein eit halvgodt lokalsamband mellom Jondal og Kvinnherad. Få ville hatt nytte av det.

Mange kritiserer Statens vegvesen for halvhjarta planlegging av Jondalstunnelen. Men visjonar finst det óg nok av i konsekvensutgreiinga (KU), som vegvesenet la fram ei veke før jul:

Køyretida frå Oslo til Bergen i dag varierer frå 7 timar og 54 minuttar til 8 timar og 56 minuttar, alt etter ruteval. Oslo-Haukeli-Jondalstunnelen-Bergen kan køyrast på 7 timar og 28 minuttar. Det vil seia nesten halvtimen fortare enn det beste av dei andre rutevala.

Framtidsretta

Jondalstunnelen vil óg gje eit framtidsretta samband mellom Bergensregionen og Oslofjordområdet. Dette sambandet vert endå betre med innkortingar i Midthordland, forbi Røldal og gjennom Telemark.

Jondalstunnelen vil gje mindre transportkostnader inn mot det viktige Bergensområdet med Flesland flyplass.

Hardanger har hatt ein tilbakegang i reiselivet, men med Jondalstunnelen vert det lettare å nå attraktive reisemål frå Bergen innanfor ei ramme på ein dag.

Når Jondalstunnelen ligg på den kortaste ruta mellom aust og vest, vil det venteleg skapa større trafikk gjennom Hardanger. Det vil gje ringverknader både for reiseliv og anna næringsliv.

n Pris for visjonen om Odda-Eikelandsosen: 2,5 milliardar kroner.