17 menneske har mista livet i trafikkulykker i fylket til no i år. To av dei køyrde lett motorsykkel, begge på Voss. Begge støytte saman med lastebil, den eine i eit vegkryss, den andre kom over i feil køyrebane etter ein høgresving.

— Det er veldig lett å ha fokus på feile ting, verta oppteken av noko på køyretyet eller omgjevnadane, og oversjå eit faremoment. Farten kan ha vore for høg til å greia den neste situasjonen. Alt går attende til observasjonen, seier Aase.

Trafikkopplæringa er jamt over god. Det kan variera frå stad til stad, seier Aase. Men han har ingen haldepunkt for at det står dårleg til på Voss.

— Det er svært vanleg at 16-åringar bytter ut trøsykkelen med moped eller lett motorsykkel. Det er greie framkomstmiddel, og ein slepp å trø, seier Aase. Han er litt bekymra for at mange kjøper moped for konfirmasjonspengane sine, og blir frista til å køyra eitt år for tidleg.