vart kraftig røykutvikling, og heile senteret vart tømt då brannalarmen gjekk.

— Ein av dei tilsette greidde å sløkke brannen med eit pulverapparat. Det var godt svidd oppunder taket, men elles ingen store skader. Det var nokre hundre tilsette og kundar i bygget. Dei kom seg ut i løpet av få minutt, seier politibetjent Thor Magne Haugen ved Fyllingsdalen politistasjon.

Brannen vart meldt klokka 18.44, og senteret kunne sleppe inn att kundane 25 minutt seinare.

— Heldigvis var det ikkje noko alvorleg denne gongen. Evakuering og sløkking gjekk greitt. Dette viser at rutinane våre fungerer som dei skal, seier senterleiar Marianne C. Nyborg ved Oasen.